Sui-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)


Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet

Zhōu

Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn

Hàn

Xīn
Republikken Kina

(Táiwān)

Suidynastiet (kinesisk skrift 隋朝, pinyin Suí cháo) var det dynastiet som gjenoppretta keisardømet i Kina etter ei lang tid med indre strid. Dynastiet hadde makta frå 581 til 618.

Sui-dynastiet blei grunnlagd av keisar Wen (Yang Jian). Det hadde Chang'an (dagens Xi'an) som hovudstad. Dynastiet sameinte det nordlege og det sørlege Kina. Under det kortlivde dynastiet gjennomførte ein store kanalprosjekt (frå 604 til 610 blei Keisarkanalen bygd), og økonomien gjorde store framskritt. Keisarane Wen og Yang utførte ei rekkje reformar: Ei utjamning av eigedomsretten til jordbruksland bidrog til å minska avstanden mellom fattig og rik og til ein auke av landbruksproduksjonen. Forsvaret blei styrka, og Den kinesiske muren blei forlenga. Regjeringsmakta blei sentralisert, og myntsystemet blei standardisert. Det nominelt og offisielt konfutsianske keisarstyret fremja spreiinga av buddhismen i landet.

Provinsar i Suidynastiet.

Dette dynastiet er ofte blitt samanlikna med det tidlegare Qin-dynastiet. Dette var også eit kortlivd dynasti, og det gjennomførte sine reformar med lite omsyn. Det blei sett igang storslåtte reformprosjekt, men desse kosta pengar og innsats. Det raske samanbrotet til Sui-dynastiet er blitt tilskrive dei diktatoriske og omsynslause krava til folket, som blei pålagd tunge skattebyrdar og mobilisert til tungt pliktarbeid, både med bygging av kanal og forsvarsmur.

Bru i Zhaozhou, bygd under Sui-dynastiet

Under keisar Yangdi kom det til tre dårleg leia felttog not det nordkoreansk-mandsjuiske riket Goguryeo (612-614), og i 615 til eit tap for deo austlege køk-tyrkarane. Dette rysta og svekka dynastiet ytterlegare. Samtidig var riket rammet av oversvømmingar og hungersnaud. I 610 utløyste vanskane eit bondeopprør. Under desse omstenda valde keisar Yangdi å leggja ut på ei lystreise i sør, og forlét dermed det nordlege kjerneområdet til dynastiet. Straks, i 617, greip ein general kalla Li Yuan sjansen og erobra hovudstaden Chang'an, med støtte frå tyrkarkhanen Shibi) sjansen og erobret hovedstaden. Generalen grunnla Tang-dynastiet. Med grunngjevinga «Himmelen har forkasta Sui, lat oss berga oss sjølv» blei keisar Yangdi kvelt av sine eigne rådgjrvarar i Jiangdu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Woodbridge Bingham: The Founding of the T'ang Dynasty: The Fall of the Sui and Rise of the T'ang, Baltimore: Waverly Press, 1941.
  • Patricia Ebrey: The Cambridge Illustrated History of China. Cambridge University Press, Hong Kong. 1996. ISBN 0-521-43519-6
  • Denis C. Twitchett og John K. Fairbank: The Cambridge History of China, Vol. 3, Sui and T'ang China, 589-906 AD, Cambridge 1979.
  • Arthur F. Wright: The Sui Dynasty: The Unification of China. A.D. 581-617. Alfred A. Knopf, New York, 1978. ISBN 0-394-49187-4 ; 0-394-32332-7.