Sultindvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sultindvik er ei bygd som ligg lengst aust i Lenvik kommune i Troms. Bygda ligg på vestsida av Målselvfjorden, under fjelltoppane Sultinden og Vassbruna. Sultindvik har vegsamband via fylkesveg 261 vestover til Rossfjordstraumen (12 km), der det mellom anna er skule og butikk. Folketalet i Sultindvik går gradvis nedover, og det er no mindre enn 50 busette i bygda.

Grunnkrins[endre | endre wikiteksten]

Sultindvik grunnkrins ligg i Delområde Rossfjordområdet, og er den austlagste grunnkrinsen i kommunen. Det busette området ligg på strekninga frå Målsjorda til og med vegenden på Sandnes.

Innbyggjartal [1]:

2000
2005
2007
2012 2019
62
48
45
38 42

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «04317: Grunnkretsenes befolkning (G) 1999 - 2019», PX-Web SSB, henta 29. september 2019 

Denne artikkelen byggjer på «Sultindvik» henta frå Wikipedia på bokmål 28. juni 2007.