Sundgot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sundgot
tettstad
Sundgot sett frå Hasundhornet
Foto: Sundgot
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ulstein
Areal 0,74 km²
Folketal 908  (2023)
Folketettleik 1 227 / km²
Kart
Sundgot
62°18′58″N 5°50′28″E / 62.316°N 5.841°E / 62.316; 5.841

Sundgot er ein tettstad med 908 innbyggjarar per 1. januar 2023 rett sør for Ulsteinvik i Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke. Staden ligg om lag 6 minutt med bil frå sentrum. Bussen køyrer rundt Dimnøya, fylkesveg 26, på cirka 15 minutt.

Butikken SPAR Straumane, tidlegare Straumane Handelslag, held til rett attmed brua til Dimnøya. Barneskulen Hasund skule ligg rett bakom butikken. Ei eiga småbåthamn finst rett attmed. Bedehuset ligg rett attmed brua. Avstanden frå Ulsteinvik sentrum er ca. 5 kilometer.

Grunnkrinsen Sundgot, som femner om dei indre delane av Dimnøya, har 967 innbyggjarar (2022).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistikkbanken/SSB». Statistisk sentralbyrå. Henta 2. februar 2023.