Sunnfjord Folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°27′41″N 5°53′17″E

Sunnfjord Folkehøgskule
Sunnfjord.fhs.png
Sunnfjord Folkehøgskule i mai 2004.
MottoVerdensmeister - i eige liv!
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagt1902
FylkeVestland
KommuneFørde
TettstadFørde
AdresseSolvang 3, 6810 Førde
RektorJorun Knapstad
Elevar100
EigarNormisjon

Sunnfjord Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Førde kommune i Vestland fylke. Skulen tilbyr ulike linjer innanfor volleyball, friluftsliv, foto, globale tema, idrett og dans. Vidare tilbyr skulen ulike valfag og har også fellesfag på timeplanen. Skulen har plass til 100 elevar i året og er eigd av Normisjon.

Sunnfjord Folkehøgskule starta i Naustdal, der det i 1902 vart etablert ein ungdomsskule eigd av Ungdomsvennernes Foreining. I 1910 tok Sunnfjord indremisjon over denne skulen, og flytte han til Solvang i Førde. Skulen vart då gjort om til ein folkehøgskule med kristeleg profil og har vore i drift fram til i dag.

Det vart opna eit museum i Haavetun-bygget under feiringa av 100-års jubileet til skulen i 2002. Museet har eit bibliotek og eit rekonstruert elevrom frå 1960-talet.

Linjer ved skulen i 2015:[endre | endre wikiteksten]

  • Beachvolleyball
  • Beach sport
  • Dans + idrett
  • Fotball
  • Friluftsliv og foto
  • Global foto
  • Global reise
  • Global Sri Lanka
  • Volleyball
  • Volleyball toppidrett

Skulen tilbyr også halvårskursa Beach Sport og Beachvolleyball som går om hausten og våren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]