Surfin' Bird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Surfin' Bird
Singel av The Trashmen
frå albumet Surfin' Bird
B-side «King of the Surf»
Utgjeve 13. november 1963
Innspelt 1963
Sjanger
Lengd 2:20
Selskap Garrett
Låtskrivar(ar)
  • Al Frazier
  • Carl White, Sonny Harris
  • Turner Wilson Jr.
Produsent Jack Bates
The Trashmen-kronologi
Surfin' Bird «Bird Dance Beat»
(1964)


«Surfin' Bird» er ein song framført av det amerikanske surferockbandet The Trashmen og er namnet på albumet som inneheld denne hitsingelen.

Songen kom ut i 1963 og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[1] Det er ein kombinasjon av to R&B-hittar av The Rivingtons: «Papa-Oom-Mow-Mow» og «The Bird's the Word».[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Rivingtons fekk først ein hit i 1962 på Billboard Hot 100 med «Papa-Oom-Mow-Mow» og følgde opp med den liknande songen «The Bird's the Word» i 1963. The Trashmen hadde ikkje høyrd denne versjonen, men såg eit band kalla Sorensen Brothers spele han.[2] Dei valde å spele songen den same kvelden på konserten sin. Under denne framføringa stoppa trommeslagaren og vokalisten Steve Wahrer å spele og improviserte midten av «Surfin' Bird».[2] Trass i at dei ikkje visste at «The Bird's the Word» var ein Rivingtons-song, var likskapen til «Papa-Oom-Mow-Mow» tydeleg, så The Trashmen la til eit refreng på slutten av den nye songen sin.

Ein lokal DJ, Bill Diehl, var på konserten og overtydde bandet til å spele inn songen.[2] Han vart spelt inn i Kay Bank Studios i Minneapolis. Diehl sende songen til ein lokal songkonkurranse og han vann. Han vart send vidare til ein ny songkonkurranse i Chicago, som han òg vann.[2] Dette førte til at gruppa fekk kontrakt med Garrett Records og singelen kom rask ut. Singelen selde 30 000 eksemplar den første helga[2] før han fekk nasjonal suksess, og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100. Wahrer var opphavleg tilskriven som låtskrivar på songen, men det vart endra då The Rivingtons (Al Frazier, Carl White, Sonny Harris og Turner Wilson Jr.) truga The Trashmen med søksmål for plagiat.[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963–64) Plassering
US Billboard Hot 100[1] 4
US Cash Box Top 100[4] 4
Liste (2009) Plassering
UK Singles Chart[5] 50
Liste (2010) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[6] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100[7] 75
US Cash Box Top 100[7] 62

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I media[endre | endre wikiteksten]

Full Metal Jacket[endre | endre wikiteksten]

I den andre halvdelen av Stanley Kubrick-filmen Full Metal Jacket frå 1987, då ein journalist intervjuar troppen under slaget ved Hue city, kan ein høyre «Surfin' Bird» som ein del av musikken til filmen.[11]

Family Guy[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i episoden «I Dream of Jesus» av Family Guy der Peter Griffin høyrer songen på ein middag. Hah held fram med å plage familien sin med å spele songen nonstop i resten av episoden. Det har sidan blitt ei greie som dukkar opp no og då i showet. I ein seinare episode vrt det avslørt at Peter var den originale inspirasjonen til songen, då han brukte ein tidsmakin til å reise til fortida der han song songen for The Trashmen.

Andre[endre | endre wikiteksten]

Andre filmar som har nytta songen er The Big Year, animasjonsserien Birdz og filmen Ferdinand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 [1] Arkivert 27. august 2014 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «A whole new generation is ‘hearing the word’». Herald-journal.com. Henta 3. mai 2018. 
  3. «THE TRASHMEN». Henta 3. mai 2018. 
  4. «Cash Box Top 100 1/18/64». 19. juli 2014. 
  5. «ChartArchive - The Chart Archive». Chartstats.com. Henta 3. mai 2018. 
  6. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  7. 7,0 7,1 «Top 100 Hits of 1964/Top 100 Songs of 1964». Musicoutfitters.com. Henta 3. mai 2018. 
  8. Porter, Dick (12. januar 2015). Journey to the Centre Of The Cramps. Music Sales Limited. s. 141. ISBN 9781783233885. 
  9. Ramones (4. november 1977). «Ramones - Rocket to Russia». Store.ramones.com. Henta 3. mai 2018. 
  10. «CD Baby Artist Login | CD Baby Members Dashboard». Members.cdbaby.com. Henta 3. mai 2018. 
  11. «Full Metal Jacket - Surfin Bird Part». YouTube. 14. januar 2011. Henta 3. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]