Surt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For kommunen i Libya, sjå Surt i Libya
Surtur mit dem Flammenschwerte (1882) av Friedrich Wilhelm Engelhard.

Surt er ein jotun i norrøn mytologi. Surt er herskar over elden og vakter over Muspelheim. I følgje spådommen i Voluspå har han ei viktig rolle i Ragnarok, der han skal drepa den første guden, Frøy, og til slutt gjera ende på verda ved å setja fyr på henne.

Komen til Surt er skildra slik i Voluspå:

Surt fer sunnan
med svidande eld;
det skin av sverdet
så soli bleiknar.[1]

Sutr ferr sunnan
með sviga lævi:
skinn af sverði
sól valtiva.[2]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Edda på Prosjekt Runeberg
  2. Engelsk Wikipedia oppgjev Dronke, Ursula (Trans.) (1997). The Poetic Edda: Volume II: Mythological Poems. Oxford University Press. ISBN 0-19-811181-9 (1997:21).