Surtsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 63°18′10″N 20°36′10″W

Surtsey, 16 dagar etter at utbrotet nådde havoverflata.

Surtsey er ei vulkansk øy utanfor sørkysten av Island. Øya er òg det sørlegaste punktet til Island. Øya vart skapt av eit vulkanutbrot som byrja 130 meter under havoverflata, og nådde overflata 14. november 1963. Utbrotet kan ha starta nokre få dagar tidlegare og varte fram til 5. juni 1967, da øya nådde sin maksimale storleik på 2,7 km². Sidan den gongen har erosjon frå vind og bølgjer ført til ein stadig reduksjon av storleiken, og i 2002 var ho berre 1,4 km².[1]

Den nye øya vart kalla opp etter elden sin herskar Surt frå norrøn mytologi, og vart nøye studert av vulkanologar under utbrotet, og har sidan slutten av utbrotet vorte sett på med stor interesse av botanikarar og zoologar etter kvart som forskjellige dyr og planter har etablert seg på den golde øya. Dei undersjøiske magmaopningane som skapte Surtsey er ein del av Vestmannaeyjar sitt undersjøiske vulkansystem, som igjen er ein del av Den midtatlantiske ryggen. Vestmannaeyjar-systemet var òg årsaka til det vidkjende utbrotet til Eldfell på øya Heimaey i 1973. Utbrotet som danna Surtsey skapte òg nokre andre små øyar langs denne vulkanske kjeda, slik som Jólnir og nokre ikkje namngjevne øyar. Dei fleste av desse forsvann i løpet av kort tid på grunn av erosjon.

Frå 2008 er Surtsey med på UNESCO si liste over verdsarv.

Forløpet til utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Surtsey i forhold til Island.

14. november 1963, klokka 7.15 UTC, segla trålaren «Ísleifur II» utanfor Vestmannaeyjar då kokken om bord oppdaga ei mørk røyksøyle sørvest for fartøyet. Kapteinen trudde det kunne vere eit fartøy i brann, og endra kurs for å undersøke. I staden for eit fartøy vart dei vitne til eit eksplosivt utbrot som avgav svart oske, noko som indikerte at eit vulkanutbrot hadde byrja på havbotn.

Trass i at utbrotet var uventa, hadde det tidlegare vore enkelte indikatorar på at eit vulkanutbrot var i emning. Ei veke i førevegen hadde ein seismograf i Reykjavík registrert svake skakingar, men åstaden for desse hadde ikkje vorte stadfesta. To dagar før utbrotet byrja, hadde eit maritimt forskingsfartøy merka seg at havet i området var noko varmare enn normalt, og på same tidspunkt hadde folk i kystbygda Vík, 80 km unna, lagt merke til lukta av svovel eller hydrogensulfid.

Truleg hadde utbrotet byrja nokre dagar tidlegare 130 meter under havoverflata. Ettersom utbrotet bygde opp ein vulkan som nærma seg havoverflata, kunne ikkje vasstrykket lenger undertrykke eksplosjonane, og til slutt nådde lavaen overflata og spruta ut i ein eksplosjon av vatn, lava og gassar.

Den første tida[endre | endre wikiteksten]

Surtsey tidleg under utbrotet.

I 11-tida, 14. november 1963, hadde røyksøyla frå utbrotet nådd ei høgd på fleire kilometer. I byrjinga fann utbrotet stad ved tre forskjellige opningar langs ei renne som i hovudsak strekte seg diagonalt i nord-austleg til sør-vestleg retning, men i løpet av ettermiddagen hadde desse opningane slått seg saman til eit samanhengande utbrot langs renna. I løpet av den påfølgjande veka var det kontinuerlege eksplosjonar, og etter berre få dagar var den nye øya, som hovudsakleg bestod av vulkansk slagg, over 500 meter lang og 45 meter høg.

Den nye øya fekk namnet sitt etter Surt, som i norrøn mytologi var elden sin herskar. Ettersom utbrotet heldt fram vart det konsentrert rundt ei opning langs renna, og byrja oppbygginga av øya i ei sirkulær form. 24. november målte øya rundt 900 × 650 meter. Dei kraftige eksplosjonane som oppstod der lava kom i kontakt med sjøvatn, medførte at øya bestod av lause haugar av vulkansk slagg, som var særs utsett for erosjon frå vinterstormane i Nord-Atlanteren. Elles tilførte utbrota meir slagg enn det erosjonen fjerna, og i februar 1964 hadde øya nådd sin største diameter på 1 300 meter.

Ei interessant hending tidleg i øya sitt liv var landgangen 6. desember 1963 av tre franske journalister som jobba for Paris Match. Journalistane oppheldt seg på øya i rundt 15 minutt før kraftige eksplosjonar tvinga dei til å evakuere igjen. Journalistane hevda på spøkefullt vis fransk herredøme over øya, men Island slo fast at øya var islandsk sidan ho oppstod innanfor islandsk territorialfarvatn. Til samanlikning er herredømet over ei anna øy skapt av vulkansk aktivitet, Ferdinandea i nærleiken av Sicilia, omstridd.

Ei permanent øy[endre | endre wikiteksten]

Dei eksplosive freatiske utbrota utløyst av den lette tilgangen til vatn frå utbrotsopningane, kasta steinar opp til ein kilometer vekk frå øya, og sendte skyer av vulkansk oske så høgt som 10 km opp i atmosfæren. Den lause haugen som bestod av usamanhengande tefra ville lett vorte vaska vekk av bølgjene hadde det ikkje vore for den konstante tilførselen av fersk magma, og på dette stadiet av utbrotet kunne ein ofte sjå store støvskyer som blåste vekk.

Tidleg i 1964 hadde kontinuerlege utbrot bygd opp øya til ein slik storleik at sjøvatnet ikkje lenger nådde lavaopningane, og den vulkanske aktiviteten vart mindre eksplosiv. Istaden bestod hovudaktiviteten av sprutande lava og lavastraumar. Desse skapte eit hardt dekke utgjort av ekstremt erosjonsbestandig stein på toppen av den lause vulkanske massen, noko som hindra øya frå å forsvinne i havet igjen i løpet av kort tid. Effusive utbrot pågjekk fram til 1965, da øya til slutt hadde nådd eit areal på 2,5 km²

28. desember 1963 vart det registrert ein auke i den undersjøiske aktiviteten 2,5 km nordaust for Surtsey, som danna ein 100 meter høg rygg på havbotn. Dette undersjøiske fjellet vart kalla Surtla, men nådde aldri havoverflata. Utbrota frå Surtla enda 6. januar 1964, og det har sidan erodert ned frå eit djup på 23 m til 47 m.

Gradvis tilbakegang av utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Krater på Surtsey (1999).

I 1965 minka aktiviteten på utbrotet, men i slutten av mai same år byrja eit utbrot ved ein av magmaopningane 600 meter utanfor nordkysten av øya. 28. mai kom ei ny øy til syne, og fekk namnet Syrtlingur. Utbrota på Syrtlingur heldt fram til byrjinga av oktober 1965, då øya hadde eit areal på 0,15 km², men då utbrota stoppet opp eroderte ho kjapt vekk, og forsvann i bølgjene igjen 24. oktober.

I løpet av desember 1965 var det meir undersjøisk aktivitet 900 meter sørvest for Surtsey, og ei ny øy vart skapt. Ho fekk namnet Jólnir, og i løpet av dei neste åtte månadane voks ho til å verte 70 meter høg og dekte 0,3 km². Elles leid øya den same skjebnen som Surtlingur, og etter at den vulkanske aktiviteten enda 8. august 1966, eroderte ho raskt og forsvann i bølgjene i løpet av oktober 1966.

Den 19. august 1966 byrja igjen utbrot av lavastraumar på hovudøya, noko som gav ho ytterlegare motstand mot erosjon. Utbrotsfrekvensen minka jamnt, og tok fullstendig slutt 5. juni 1967. Surtsey har vore ein sovande vulkan sidan den gongen. Det totale volumet av lava, som vart spydd ut i løpet av dei 3,5 åra utbrotet varte, var om lag 1 km³, og øya sitt høgaste punkt var 174 moh.

Sidan den gongen har erosjon redusert storleiken på øya. Eit stort område på søraustsiden har fullstendig erodert vekk, medan ei landtunge av sand, kalla Norðurtangi («Nordpunktet» på norsk), har vakse på den nordlege sida av øya. Det har vorte estimert at rundt 0,024 km³ (24 mill. m³) med materiale har gått tapt til erosjon, noko som står for rundt ein fjerdedel av det originale volumet over havnivå.[2]

Dyre- og planteliv på øya[endre | endre wikiteksten]

Surtsey har heilt sidan danninga vore ein glimrande stad for forsking på biokolonisering frå startpopulasjonar som kjem utanfrå, og øya vart gjort til eit naturreservat allereie i 1965, medan vulkanen framleis hadde utbrot. I dag har berre få forskarar løyve til å gå i land på øya, og den einaste andre måten ein kan sjå Surtsey på nært hold er ved hjelp av småfly.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Dei første livsformene som etablerte seg på øya var mose og lav, som begge dukka opp så tidleg som 1965. Mose og lav dekker i dag ein stor del av øya. I løpet av øya sine 20 første leveår vart det observert 20 forskjellige planteartar, men berre 10 av desse etablerte seg permanent i det næringsfattige jordsmonnet.

Sidan fuglar byrja å hekke på øya, vart kvaliteten på jordsmonnet betre, og det vart mogeleg for meir avanserte planteartar å overleve på øya. I 1998 vart den første busken funne på øya – ein brekkavier (ein underart av Grønvier, Salix phylicifolia), som kan verte opptil 4 meter høg. Totalt har det vorte funne minst 60 planteartar på Surtsey, der 30 har etablert seg permanent. Fleire artar held fram med å dukke opp – grovt sett rundt 2–5 artar i året.[3]

Fugleliv[endre | endre wikiteksten]

Lundefugl har etter kvart etablert seg på øya.

Utviklinga av fuglelivet på Surtsey har både vore avhengig av og framskunda plantelivet. Fuglane nyttar planter for å bygge reir, og dei medverkar òg til frøspreiing. I tillegg gjødslar dei jordsmonnet med sin guano. Fuglar byrja å ta i bruk øya til hekking tre år etter at utbrota hadde teke slutt, med havhest og alker som dei første til å busette seg. Åtte fuglearter er no regelmessig å finne på øya.

Ein måsekoloni har vore til stades sidan 1988, sjølv om måsar vart observert på breiddene av den nye øya berre veker etter at ho først dukka opp. Måsekolonien har vore spesielt viktig for utviklinga av plantelivet på Surtsey, og på grunn av dei mange måsane har dei hatt større innverknad på plantekoloniseringa enn nokre andre hekkande fuglar. Ein ekspedisjon fann i 2004 dei første bevisa på at lundefugl hekkar på øya. Lundefuglar er svært vanlege på resten av øygruppa.

I tillegg til å vere ein heim for nokre fuglearter, har Surtsey òg vorte brukt til mellomlanding for trekkfuglar; spesielt dei som trekker mellom Dei britiske øyane og Island. Artar som har vore observert inkluderer mellom anna songsvane og fleire variantar av gås og ramn. Sjølv om Surtsey ligg aust for hovudtraseen for trekkfuglar i området, har øya vorte ein hyppig stoppestad etter kvart som vegetasjonen har betra seg.[4]

Marint liv[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter at Surtsey hadde vorte danna vart det observert sel i området rundt øya. Han byrja etter kort tid å dra opp på svaberga, spesielt på den nordlege landtunga, som voks då bølgjene eroderte øya. Det vart observert forplanting hos selar på øya i 1983, og ei gruppe på opp mot 70 selar gjorde øya til sin paringsplass. Gråsel er meir vanleg på øya enn steinkobbe, men begge har etablert seg på øya. Sel trekkjer òg til seg spekkhoggarar, som ofte er å sjå i farvatnet rundt Vestmannaeyjar, og no òg ofte i farvatnet rundt Surtsey.

På den undersjøiske delen av øya finst det mange marine artar. Sjøstjerner finst i hopetal, så vel som kråkebollar og olbogeskjel. Steingrunnen er dekt av algar, og tang dekkjer store delar av dei undersjøiske skråningane på vulkanen – med den høgaste tettleiken mellom 10 og 20 meter under havoverflata.[5]

Anna liv[endre | endre wikiteksten]

Insekt kom til Surtsey kort tid etter at ho hadde vorte danna, og vart påvist første gong allereie i 1964. Dei første insekta som kom til øya var flygande insekt, som anten vart ført der av vinden eller fauk av eiga kraft. Enkelte av desse vart truleg ført med vinden heilt frå det europeiske fastlandet. Seinare kom insekt på flytande drivved, og både levande og døde dyr vart skylt i land på øya. Då ein stor grastust vart skylt i land i 1974, tok forskarane med seg halvparten for analyse, og oppdaga 663 virvellause landdyr, for det meste midd og spretthalar. Dei fleste av desse hadde overlevd turen over havet.[6]

Etableringa av insektsbestandar på øya gav mat for fuglar, og dette hjelpte igjen andre arter å etablere seg på øya. Døde fuglar gav næringsgrunnlag for kjøttetande insekt, medan gjødslinga av jordsmonnet og den påfølgjande oppbløminga av planteliv gjorde det òg mogeleg for planteetande insekt å bu her.

Enkelte høgare former for landdyr har etter kvart etablert seg i jordsmonnet på Surtsey. Den første makken vart oppdaga i ein jordprøve i 1993, og kom truleg dit frå Heimaey ved hjelp av ein fugl. Sniglar vart funne i 1998, og såg ut til å tilsvare dei som finst på den søndre delen av det islandske fastlandet. Edderkoppar og biller har òg etablert seg på øya.[7][8]

Framtida til øya[endre | endre wikiteksten]

Surtsey slik ho såg ut i 1999.

Etter at utbrota tok slutt oppretta forskarane eit nettverk av målepunkt som dei kunne nytte til å måle endringar i forma på øya. I dei 20 åra som følgde etter at vulkanen stilna, avslørte målingar at øya jamnt og trutt sokk saman og hadde vorte omtrent ein meter lågare. Samansøkkinga var i byrjinga rundt 20 cm i året, men vart mindre og mindre over tid, og var i 1990-åra nede i rundt 1–2 cm i året. Det fanst mange årsaker til dette: Stabiliseringa av den lause tefraen som mesteparten av øya består av, samantrykking av havbotnavsettingar under øya, og ei krumming nedover av litosfæren på grunn av vekta av vulkanen.[9]

Det typiske utbrotsmønsteret for vulkanar i Vestmannaeyjar er at kvar utbrotsstad berre har eitt utbrot, så det er derfor lite truleg at øya vert større gjennom framtidige vulkanutbrot. Den grove sjøen har erodert øya heilt sidan ho først dukka opp, og sidan det siste utbrotet har nesten halve arealet gått tapt. Øya mistar for tida rundt 10 000 m² av overflata kvart år.[10]

Andre små øyar i Vestmannaeyjar gjev ein peikepinn på korleis Surtsey truleg vert sjåande ut etter nokre hundre år med erosjon.

Elles er det lite truleg at øya forsvinn heilt i næraste framtid. Det eroderte området bestod for det meste av laus tefra, som lett vert vaska bort av vind og bølgjer. Mesteparten av det som er igjen består av størkna lava, som er langt meir motstandsdyktig mot erosjon. I tillegg har komplekse kjemiske reaksjonar i den lause tefraen inni øya danna palagonitt-tuff. På Surtsey har denne prosessen gått ganske raskt på grunn av dei høge temperaturane relativt nær overflata.[11]

Sjølv om øya framleis minkar i storleik, vil den likevel truleg bestå i mange hundre år før ho vert heilt erodert vekk. Ein kan få ein peikepinn på korleis ho vil sjå ut i framtida ved å sjå på dei mange andre små øyane i Vestamannaeyjar, som vart danna på same måte som Surtsey for fleire tusen år sidan og som har vorte utsett for kraftig erosjon sidan danninga.

I 2001 leverte dei islandske styresmaktene inn ein søknad til UNESCO for å få Surtsey registrert som ein del av verdsarva, og ho vart innført på lista i 2008.[12]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Selbekk, Rune S. «Surtsey - vulkanøya som dukket opp i frå havet». I: Stein; nr 3 (2004)
  • Salomon, Ib. «Surtsey tok pusten frå geologene : 30 år gammel vulkanøy har utviklet seg på rekordtid». I: Illustrert vitenskap; nr 8 (1994)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sveinn. P. Jakobsson. «Surtsey - The Surtsey Research Society». The Surtsey Research Society. Henta 9. juli 2007. 
  2. «Surtsey Topography». Planetary Geodynamics Laboratory. Henta 10. juli 2007. 
  3. «Vulkanøya Surtsey, Island – Plantelivet». www.vulkaner.no. Henta 10. juli 2007. 
  4. «Vulkanøya Surtsey, Island – Fugleliv». www.vulkaner.no. Henta 10. juli 2007. 
  5. «Vulkanøya Surtsey, Island – Livet i havet». www.vulkaner.no. Henta 10. juli 2007. 
  6. Erling Ólafsson (1978). «The development of the land-arthropod fauna on Surtsey, Iceland, during 1971–1976 with notes on terrestrial Oligochaeta» (PDF). The Surtsey Research Society, Reykjavík, Iceland. Henta 10. juli 2007. 
  7. «Vulkanøya Surtsey, Island – Insekt». www.vulkaner.no. Henta 10. juli 2007. 
  8. Finnur Gudmundsson (2000). Surtsey Research Report No. XI. Museum of Natural History, Reykjavík, Iceland. 
  9. JG Moore; Sveinn Jakobsson; Josef Holmjarn (1992). «Subsidence of Surtsey volcano, 1967–1991». Bulletin of Volcanology (55): 17–24. 
  10. Sveinn. P. Jakobsson. «Geology – Erosion of the island». The Surtsey Research Society. Henta 10. juli 2007. 
  11. Sveinn. P. Jakobsson. «Geology – The Formation of Palagonite Tuffs». The Surtsey Research Society. Henta 10. juli 2007. 
  12. «Surtsey». UNESCO World Heritage Center. 18. desember 2001. Henta 10. juli 2007. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]