Sutlej
| Sutlej | |||
| elv | |||
Sutlejdalen frå Rampur, cirka 1857 | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 395 000 km² | ||
| Sideelvar | Beas | ||
| Lengd | 1 450 km | ||
| Middelvassføring | 500 m³/s | ||
| Kjelde | lengst vest i Tibet | ||
| Munning | samløp med Chenab | ||
![]() Sutlej 30°50′39″N 81°12′17″E / 30.8442°N 81.2046°E | |||
| Wikimedia Commons: Sutlej River | |||
Sutlej (uttalt sˈʌtlidʒ) er ei elv i Sør-Asia med utspring i Himalaya. Ho er den austlegaste og største sideelva til Indus gjennom Chenab. Sutlej er rundt 1450 km lang, og ei av dei fem elvene som har gjeve namn til Punjab («Femelvlandet»).[1]
Elva har utspring ved Rakshastal-sjøen sørvest i Tibet. Ho følgjer ein djup dal som går tvers gjennom heile fjellkjeda og deler Himalaya i vestleg og ein austleg del.[1]
Sutlej er mykje nytta til kunstig vatning og kraftproduksjon.[1] Elva er opphav til to vatningssystem: Sirhindkanalen, som ved Rupar tek vinterflaumen frå Sutlej, og oversvømmingskanalen for øvre og nedre Sutlej i Ferozepur og Bahawalpur nedanfør møtepunktet mellom Sutlej og Bias.
I byrjinga av 1800-talet, då Ranjit Singh herska over Sikh-riket, danna Sutlej ei grense mellom sikhane og områda under Det britiske austindiakompaniet. Sikhstatar sør for elva blei kalla Cis-Sutlej-statar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Sutlej», Store norske leksikon, 22. april 2013
Materiale frå Nordisk familjebok, «Sutlej», 1913.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sutlej» frå Wikipedia på svensk, den 27. mai 2016.
