Grense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Grense (fleirtyding).
Grensa mellom USA og Mexico er her markert med eit gjerde og ulik bygningstettleik i USA til venstre og Tijuana i Mexico til høgre.
Merke i eit fortau i Saint-Gingolph som markerer riksgrensa mellom Frankrike og Sveits gjennom byen.
Grensa mellom Russland og Noreg i Finnmark. Grensa er merka med parvis nummererte stolpar, dette er stolpepar nummer 299. Den gule-svarte stolpen står på norsk side av grensa, og den raud-grøne på russisk side. Grensa går ein stad mellom dei to stolpane, slik det er markert på særskilte kart for kvar av stolpepara langsetter grensa. Det er soleis ikkje ein fast avstand mellom dei to stolpane i alle stolpepara langs grensa, og grensa treng ikkje å gå nett midt mellom dei to stolpane.

Grense er eit politisk, rettsleg eller avtalemessig fastsett skilje mellom to geografiske område. Døme på grenser kan vera riksgrenser mellom to ulike statar, delstatsgrenser mellom delstatar, kommunegrenser mellom kommunar, eigedomsgrenser mellom landeigedomar eller bruksgrenser for ulik bruk, utnytting eller freding av landareal. I nokre høve kan grenser ikkje dragast eller definerast berre med tanke eit skilje i horisontalplanet, men òg vertikalt. Ein stat må til dømes ha ei øvre grense for råderetten over rommet over territoriet sitt.

Grenser kan vera markerte med stengsel som gjerde, skilt eller anna, eller dei kan berre visast på kart. Grenser kan ha påverknad på ferdsel, handel og anna bruk av områda dei skil. Korleis ein kan kryssa grenser og kva ein kan ha med seg kan vera avgrensa, til dømes ved at ein må ha nytta særskilde grenseovergangar og ha gyldig pass eller visum for å kryssa mange riksgrenser, eller ved at ein må betala toll for å føra visse varer over dei. Grenser kan også vera skilje mellom ulike jurisdiksjonar, slik at ulike lover og reglar gjeld på kvar side.

I dag rekner ein gjerne grenser som klart definerte linjer mellom territorium. I eldre tid var mange grenser meir diffuse nøytrale soner ein kalla grenseland eller grensemark. Grenser mellom eigedommar, ofte kalla byte, kunne markerast med grensesteinar (bytesteinar) og liknande. Elles er grenser gjerne blitt danna av naturlege skilje, som elver, vassområde, fjell og liknande.

I havet er det ikkje så lett å markera eller fastsetja grenser, og desse kan vera omstridde. Kyststatar opererer i dag med territorialfarvatn med ulik rekkevidde - i Noreg 12 nautiske mil frå grunnlinjene sidan 2004. Tilsvarande problem har ein når det gjeld luftrommet over territoriet, altså kor høgt over landskapet kvar einskild stat har eksklusiv råderett. Her vert grensa vanlegvis sett til 100 kilometer over havet, då dette definerer grensa (den såkalla Kármánlinja) mellom jordatmosfæren og det ytre rommet. Høgare enn dette er det fri ferdsle for både romskip og satellittar.

For landeigedomar er det grenser for kor langt eigedomsretten strekk seg ned i jorda og opp i lufta, fastsett av lokale lovar og reglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grense
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Grense
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.