Sutton Hoo-skipet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå utgraving av skipet i 1939.
Modell av skipet i gravhaugen, med gravkammeret markert i kvitt.

Sutton Hoo-skipet har vorte funne i ein gravhaug i Suffolk i England. Sjølv om så godt som alt treverk var vekkrotna, var avtrykket etter skipet tydeleg då grava vart undersøkt i 1939.[1] Ein har langt på veg klart å rekonstruere skipet. Det må ha vore omlag 27 m langt. Største breidde, midtskips, har vore 4,4 m. Endane har vare spisse og hatt høge stamnar. Skroget var klinkbygd med jarnsaum. Plasseringa av båtsaumane var med på å bekrefte konstruksjonen av skipet. Det har hatt ni bordgangar, avstiva med 26 par band.

Skipet hadde ikkje nokon tydeleg kjøl. Det har vore funne spor etter reparasjonar, noko som syner at skipet har vore i bruk før det vart sett i grava. Det ser ut til å ha funne stad kring år 630. Det er såleis eldre enn dei eldste gravfunna med skip i Noreg.

Sutton Hoo skipet har mykje til felles med Nydamskipet, som var i bruk i Danmark 250 år tidlegare. Gravfunnet syner og at det har vore ei utvikling på denne tida. Skroget er fyldigare. Og bordgangane har vorte skøytte under bygging. Det er funne restar av keipar. Det kan ha vore rodd av 40 mann. Som på Nydamskipet stod keipane oppå eit forsterka ripbord. Men her var ikkje keipane surra fast, dei var festa med solide jarnspikar. Det er spor som syner at bord og band har vorte samanføya med trenaglar. Ved eldre, og delvis yngre båtfunn, har bord og band vore surra saman. Akter i skipet er det forsterka med tre kraftige tettliggande band. Dette vert tolka som at skipet har hatt påmontert styreåre.

Sutton Hoo-skipet er ein del av eit svært rikt gravfunn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A.C. Evans og R. Bruce-Mitford i Bruce-Mitford 1975, 345–435; Evans 1986, 23–29.
Bibliografi