Suzhou i Jiangsu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Suzhou)
Suzhou
Andre namn forenkla kinesisk 苏州 (pinyin Sūzhōu)
Tidlegare namn tradisjonell kinesisk 蘇州, eldre namn 吳
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Jiangsu
Geografi
Flatevidd 8 657,32 km²
Innbyggjarar
 - By (2020)

12 748 262[1]
Koordinatar 31°18′″N 120°36′″EKoordinatar: 31°18′″N 120°36′″E
Høgd over havet 5 m
Tidssone Beijing-tid (UTC+8)
Diverse anna
Heimeside: http://www.suzhou.gov.cn
Plassering
Suzhou i Jiangsu.
Suzhou i Jiangsu.
Suzhou i Jiangsu.

Suzhou (suzhoumål [səu][tsøʏ]) er eit byprefektur heilt i sør i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 8 488 km², folketalet var i 2009 på 6 332 900. Innanfor bygrensene budde på same tid 2 402 100 menneske. Prefekturet grensar i vest til Taisjøen og prefekturet Wuxi. I nord over Chang Jiang er Nantong, og i aust ligg Shanghai.

Suzhou er ein historisk by som er kjend for sine kanalar, steinbruer, pagodar og klassiske kinesiske hagar. Desse siste er rekna som verdsarv av UNESCO. Byen har òg vore eit viktig senter for kinesisk silkeindustri sidan Song-dynastiet (960-1279).

Suzhou består av seks bydistrikt og fem byfylke.

Den historiske Changmen-porten ved gamlebyen i Suzhou på nattestid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Suzhou er vogga til Wu-kulturen og ein av dei eldste byane ved det nedre løpet av Chang Jiang. Omkring år 500 f.Kr., mot slutten av Shang-dynastiet, budde det her stammefolk som gjekk under nemninga gou wu. I 514 f.Kr., i Vår- og haustannaltida, grunnla kong Helü av Wu det som seinare skulle verte kalla Suzhou. Han kalla byen «Helus store by». I 473 f.Kr. vart Wu slått av Yuekongedømmet, eit rike aust for Wu. Yue vart i 306 f.Kr. slukt av Chu-kongedømet, og dermed var den første gullalderen til Suzhou over. Under Qin-dynastiet var byen eit fylke under namnet Wu. Xiang Yu leia i 209 f.Kr. ein oppstand og Qindynastiet vart styrta.

Under Sui-dynastiet, i 589, fekk byen namnet Suzhou.

Keisarkanalen var fullført, hadde Suzhou fått ein særleg strategisk posisjon i handelen. Han vart då eit av dei mest framskotne industrielle og merkantile sentera i den søraustlege kystregionen.

Under Tang-dynastiet konstruerte Bai Juyi i 825 Shantangkanalen, ein kanal som gav Suzhou samband med det nærliggande Huqiu. I 1035 vart Konfutse-tempelet grunnlagt i byen. I februar 1130 kom jin-hæren frå nord og plyndra, øydela og slakta ned befolkninga. I 1275 invaderte mongolane Suzhou og nye alvorlege øydeleggingar fann stad.

Byen opplevde gode tider frå ut i Ming-perioden og under Qing-dynastiet. I 1860 fann Taipingopprøret stad. Taipingane erobra byen og heldt han i over tre år. «Den alltid sigerrike hæren» under Charles Gordon erobra då byen.

Suzhou vart hardt råka då japanarane invaderte byen under Den andre kinesisk-japanske krigen i 1937.

Frå 1950-talet har omfattande restaurering og gjenoppbygging funne stad. I 1981 vart gamlebyen utpeika som ein av dei fire kinesiske byane som skulle prioriterast kva gjaldt vern om den historiske-kulturelle arven. Beijing, Hangzhou og Guilin var dei andre byane. Dei klassiske hagane i Suzhou blei lagt til UNESCO si verdsarvliste i 1997 og 2990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://tj.jiangsu.gov.cn/art/2021/5/18/art_80066_9819836.html.