Hangzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hangzhou
(kinesisk skrift 杭州, pinyin Hángzhōu)
by
Hangzhou sett frå Vestsjøen
Land  Kina
Provins Zhejiang
Del av Zhejiang
Areal 16 853,57 km²
Folketal 11 936 010 (2020)[1]
Kart
Hangzhou
30°15′0″ N 120°10′3″ E
Wikimedia Commons: Hangzhou

Hangzhou er administrasjonssenter og største by i Zhejiang-provinsen aust i Kina.[2] Han ligg 180 km sørvest for Shanghai. Byen er kjend for å ligge vakkert til ved innsjøen Xihu ('Vestsjøen'). Innsjøen renn ned i elva Qiangtang, som tømmer seg i Hangzhoubukta. Hangzhou fekk ei viktig stilling som sørleg endepnkt for Keisarkanalen. Fram til 1862, då byen nærast vart fullstendig øydelagd under Taipingopprøret, var Hangzhou rekna for å vere ein av dei vakraste byane i Aust-Asias.

Hangzhou har status som sub-provinsiell storby.[3]

Han dannar kjenrna for storbyområdet Hangzhou,[4] som er det fjerde største i Kina.[5] Ved folketeljinga i 2010 hadde storbyområdet 21,102 millionar innbygjarar i eit areal på 34 585 km².[4] Hangzhou prefektur hadde eit registrert folketal på 9 018 000 i 2015.[6]

Hangzhou var hovudstad for kongedømmet Wu Yue (904-978), og under Det sørlege Song-dynastiet (1127-1279). Den gongen heitte byen Lin'an (临安, pinyin Lín'ān).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den nær 60 meter høge Liuhepagoden frå 1165

Utgravingar har funne spor ette Liangzhu-kulturen, som mellom anna laga utskjeringar i jade, som fanst i området for rundt fem tusen år sidan.[7] Det første av dei noverande distrikta i Hangzhou frå skriftlege kjelder er Yuhang, som truleg har namn frå ein gammal baiyuetradisjon.[8]

Hangzhou blei gjort til sete for Hang zhou, eller prfeketur, i år 589. Etter ein gammal konvensjon ein også finn i andre byar, som Guangzhou og Fuzhou, fekk byen namn etter prefekturet han styrte. Som administrasjonsby hadde Hangzhou krav på ein bymur som blei bygd i 591. Hangzhou låg ved sørenden av Keisarkanalen, som går like til Beijing. Kanalen blei utvikla gjennom fleire hundreår, men nådde den fulle lengda si i 609.[9]

Under Tang-dynastiet blei Bai Juyi utnemnd til guvernør for Hangzhou.[10] Han var ein kjend diktar, men var også ein dyktig administrator som gjenreiste og forbetra diket som heldt vatn på plass i Vestsjøen slik at det kunne brukast av bøndene under tørke. I fritida si vitja Bai Juyi innsjøen nesten dagleg, og utbetra landskapet med vegbygging og treplanting.

Hangzhou var den første hovudstaden til Wu Yue under Fem dynasti og ti kongerike-tida, frå 907 til 978. Han var då kjend som Xifu (西府).[11]

Hangzhou var òg hovudstad for Det sørlege Song-dynastiet frå 1127 til 1279. Han heitte då Lin'an, og skal ha hatt eit folketal på over 450 000. Hángzhōu voks då fram som sentrum for den kinesiske sivilisasjonen, ettersom det kinesiske kjerneområdet i og rundt Henan låg under framand dominans. Ei rad filosofar, politikarar, diktarar og forfattarar slo seg ned i Hángzhōu, til dømes diktarane Su Shi, Lu You og Xin Qiji. Su Shi fekk i 1089 bygt eit 2 800 meter breitt dike over Vestsjøen. Innsjøen er kunstig, og på dei fleste sidene omgitt av høgder. Baoshi-pagoden står på toppen av ei av høgdene nord for sjøen.

Den venetianske reisande Marco Polo besøkte Hangzhou seint på 1200-talet og omtala byen som den «udiskutabelt finaste og edlaste i heile verda». Kinesarar, mongolar, nestorianske kristne og buddhistar frå mange land budde saman i harmoni i Hangzhou .

Også etter at mongolkeisarane erobra det sørlege Song og gjorde Beijing til sin hovudstad i 1279, stod Hángzhōu seg som eit viktig senter for handel og kommers. Byen var hamneby fram til midten av Ming-dynastiet. Hamna var då så tilmudra at ho var ueigna. Skipshandelen flytta seg gradvis, først til Ningbo i aust og sidan til Shanghai i nord.

Byen heldt fram å vere eit kulturelt senter heilt til 1861-63, då han vart herja og øydelagt under det blodige Taipingopprøret. Først tok taipingopprørarane byen, og deretter vart han gjenerobra av keisarstyrkar. Ei 600 000 menneske vart slakta ned, dei resterande skal ha vorte spreidd vide, eller døydd av svolt og epidemiar. Gjenoppbygginga av byen tok lang tid. Under Qinhaiarevolusjonen i 1911 mot Qing-dynastiet tok Chiang Kai-shek makta over byen. Hangzhou var under 2. verdskrigen okkupert av japanarane. Han vart lite råka av den kinesiske borgarkrigen 1946-49. Kommunistane erobra byen den 3. mai 1949.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet har tradisjonelt vore tekstilar, silke og maskinvarer. I dei seinare år har ein utvikla elektronisk og annan lettindustri, særleg etter det vart opna for friare økonomisk verksemd i 1992. Turisme har også vorte ei viktig næring for byen.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Metro[endre | endre wikiteksten]

Hangzhou Metro er under bygging. Denne bybana skal ha åtte linjer når ho er ferdig.

Vegar[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 104 går gjennom storbyen. Han tek til i Beijing i nord, og går sørover via Dezhou, Jinan i Shandong, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Kinas riksveg 320 går også gjennom den subprovinsielle byen. Han går ut frå Shanghai i sørvestleg retning til grensa mellom provinsen Yunnan og Burma. Undervegs er han innom mellom anna Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.

Kinas riksveg 329 byrjar i Hangzhou og går austover via Shaoxing og Ningbo til Putuo i Zhoushan på Zhoushanøyane.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Zhou Jiangyong (周江勇, 2019).

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Det eldste buddhisttempelet i byen reknar ein Lingyin Si ('sjelas kvile') for å vere. Tempelet har vore øydelagt og gjenoppbygd ei rekke gongar, til liks med det meste av av byen. Overleveringar fører historia til tempelet tilbake til 328, men det noverande tempelbygget stod ferdig i 1910.

I 970 vart den kring 100 meter høge Liuhepagoden bygd ved nordbreidden av Qiantang. Pagoden blei øydelagd i 1121, og gjenreist i 1165.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/china/zhejiang/admin/.
  2. «Illuminating China's Provinces, Municipalities and Autonomous Region». PRC Central Government Official Website. 2001. Arkivert frå originalen 11. mars 2014. Henta 22. april 2014. 
  3. «Archived copy» 中央机构编制委员会印发《关于省级市若干问题的意见》的通知. 中编发[1995]5号. 豆丁网. 19. februar 1995. Arkivert frå originalen 29. mai 2014. Henta May 28, 2014. 
  4. 4,0 4,1 Economic and Social Development Report of Hangzhou Metropolitan Circles (2007–2012) (på kinesisk). Social Sciences Academic Press(China). 1. oktober 2012. Arkivert frå originalen 12. mai 2013. Henta 20. februar 2013. 
  5. 2012中国都市圈评价指数今年7月发布 (på kinesisk). Shanghai Jiaotong University. 2. juli 2012. Arkivert frå originalen 28. februar 2013. Henta 20. februar 2013. 
  6. «Archived copy» 2015年浙江省1%人口抽样调查主要数据公报-浙江统计信息网. www.zj.stats.gov.cn. Arkivert frå originalen 31. mars 2016. Henta 10. april 2016. 
  7. Shanghai Qingpu Museum. "[museum.shqp.gov.cn/gb/content/2009-02/23/content_237435.htm Migration of the Tribe and Integration into the Han Chinese]". Henta 24. julu 2014.
  8. Zhongguo lishi diming dacidian 中國歷史地名大詞典, (Shanghai: Shanghai cishu chubanshe): 1516.
  9. Ebrey, Cambridge Illustrated History of China, 114: "[…] the Grand Canal, dug between 605 and 609 by means of enormous levies of conscripted labour."
  10. Waley (1941), 131
  11. Zhou Feng (周峰) (1997). Archived copy 吴越首府杭州: 及北宋东南第一州 (på kinesisk). University of California: 浙江人民出版社 [Zhejiang People's Press]. s. 32. Arkivert frå originalen 29. april 2016. Henta 22 July 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hangzhou