Svalbardposten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svalbardposten
Svalbardposten-lokaler.jpg
Type Vekeavis
Format A4
Redaktør(ar)
Ansvarleg redaktør: Eirik Palm
Opplag 2 636
Nettstad www.svalbardposten.no

Svalbardposten er ei vekeavis som blei skipa i november 1948. Avisa kjem ut kvar fredag i LongyearbyenSvalbard. Svalbardposten er den nordlegaste avisa i verda og har eit opplag som er høgare enn talet på husstandar på Svalbard.

Avisa i dag[endre | endre wikiteksten]

Avisformatet er A4, noko som har sitt utspring frå då avisa blei trykt på Svalbard i eiga presse. Sidan 1996 er avisa trykt på fastlandet, men i same format som tidlegare. I dag trykkjer ein Svalbardposten i Tromsø. Avisa har fem tilsette, der tre jobbar i redaksjonen. Avisa har for det meste saker knytt til stadane Longyearbyen, Svea, Barentsburg og Ny-Ålesund. Svalbardposten har fått utmerkinga «Årets lokalavis» av Landslaget for Lokalaviser tre gonger, seinast i 2010.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Svalbardposten oppstod som ei veggavis, med normalt fire sider som blei slåtte opp på brakkene med Velferdsrådet på Svalbard som utgjevar. Ho er blitt omtala som «til tider artig», men med «ganske lite informasjon og seriøsitet» og svært lite lokalstoff. Avisa kom ut ein gong kvar veke mellom september og mai. Svalbardrådet vart skipa i 1971 og tok over som utgivar av avisa. Det førte med seg ei profesjonalisering av drifta. med meir og tyngre journalistikk, bilete og annonser. Utgivingsdagen var annakvar laurdag. Redaktørstillinga tilsetjast på åremål med inntil fire års tenestetid.

Sidan 1986 har Svalbardposten kome ut kvar fredag heile året. Etter økonomiske vanskar mot slutten av 1980-åra blei det gjort fleire omorganiseringar for å berge drifta. Justisdepartementet blei i røynda ansvarleg utgivar, ei rolle som blei endra i 1992 då Stiftelsen Svalbardposten blei skipa for å ha rolla som utgivar. Justisdepartementet skaut likevel inn grunnkapitalen til stiftinga. I 1996 blei drifta omorganisert nok ein gong, denne gongen til aksjeselskap ved opprettinga av Svalbardposten AS. Dette blei gjort for at avisa kunne få pressestønad. Svalbardposten AS har skrive ut ein aksje på 500 000 kroner, og aksjen tilhøyrer Stiftelsen Svalbardposten. I 1997 lanserte Svalbardposten eiga nettutgåve. I september 2012 la avisa om nettutgåva med betaling for nettnyhende.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

År Eksemplar
1993 2 108
1994 2 248
1995 2 357
1996 2 425
1997 2 580
1998 2 556
1999 2 871
2000 2 932
2001 2 924
2002 3 109
2003 3 224
2004 3 271
2005 3 346
2006 3 352
2007 3 140
2008 3 095
2009 2 989
2010 2 841
2011 2 772
2012 2 679 [1]
2013 2 561
2014 2 636 [2]

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]