Svava Jakobsdóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svava Jakobsdóttir
Fødd 4. oktober 1930
Neskaupstaður
Død

21. februar 2004 (73 år)
Reykjavík

Yrke politikar, skribent

Svava Jakobsdóttir (4. oktober 193021. februar 2004) var ein islandsk forfattar og politikar. Ho er mest kjend for novellene sine og romanen Leigjandinn ('Leigetakaren'), som kom ut i 1969. Svava var medlem av Alþingi for Alþýðubandalagið (Folkealliansen) frå 1971 til 1979. I 2001 vart ho tildelt riddarkrossen til Hin íslenska fálkaorða for «arbeid til fordel for kunst og kultur». Svava var gift med Jón Hnefl Aðalsteinsson og var søster til Jökul Jakobsson.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Svava vart fødd i Neskaupstaður, der faren var sokneprest. Ho flytta i ung alder med familien til Saskatchewan i Canada, der far hennar var prest for islandsk-kanadiarar frå 1935 til 1940 i Wynyard.[1] Familien kom attende til Island i 1940. Ho vart uteksaminert frå Menntaskólinn í Reykjavík i 1949. Den fyrste novella hennar, «Konan í kjallaranum» ('Kona i kjellaren'), kom ut i 1950, i samband med ein novellekonkuranse i bladet Líf og list ('Liv og list'); ho vann fyrsteprisen for denne novella. Ho studerte deretter ei stutt tid ved Háskóla Íslands, før ho for til USA for å studera ved Smith College i Northampton i Massachusetts. Her fullførte ho ein bachelorgrad i engelsk og amerikansk litteratur i 1952.[2] Ho deltok òg på vidare studiar i gammalislandsk litteratur ved Somerville College i Oxford i England frå 1952 til 1953. Den 11. juni 1955 gifta ho seg med Jón Hnefl Aðalsteinsson.

Svava arbeidde ved Utanriksdepartementet og ved den islandske ambassaden i Stockholm frå 1955 til 1960. Ho underviste ved barne- og ungdomsskulen på Eskifjörður fra 1963 til 1964. I 1965 vart den fyrste boka hennar, novellesamlinga «12 kvinner», publisert. Svava arbeidde som journalistLesbók Morgunblaðið frå 1966 til 1969. Frå 1968 til 1971 var ho medlem av styret i «Rithöfundarfélags Íslands» (Islands forfattarforening) og tilsett i programavdelinga ved Ríkisútvarpið (RÚV) frå 1969 til 1970. Svava representerte Island i ei rådgjevande gruppe om nordisk samarbeid 1978. Ho var varamedlem i styret for «Norræna hússins» (Det nordiske huset) i Reykjavík frå 1979 til 1984 og medlem av «Listasafns Íslands» (Nasjonalgalleriet) frå 1979 til 1983. Ho representerte Island i den nordiske likestillingskomiteen frå 1980 til 1983. Ho sat i fleire styre: Styret for språk og kultur frå 1976 til 1979, styret i Máls og menningar frå 1978 til 1980 og styret for «Leikskáldafélags Íslands» frå 1986 til 1990. Svava representerte Island i kunstpresentasjonen «Scandinavia Today» i Japan 1987.

Parlamentarisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Svava sat i to periodar i Alþingi for Alþýðubandalagið (1971-1979).[3] Ho var òg medlem av Rannsóknaráði ríkisins (Det nasjonale forskningsrådet) frå 1971 til 1974 og var varamedlem frå 1978 til 1979. Ho var varamedlem i Nordisk råd frå 1971 til 1974 og fullt medlem frå 1978 til 1979. Svava var medlem av generalforsamlinga til Dei sameinte nasjonane i 1972, 1974, 1977 og 1982.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Svava Jakobsdóttir er særleg kjend for Leigjandinn ('Leigetakaren'), som kom ut i 1969. Romanen har vorte tolka som kritisk til dei militære styrkane som er stil stades på Island, og kan sjåast som «ein allegori om undertrykking av kvinner og av små nasjonar».[3] For øvrig ser Svavas skrifter ut til å gjenspegla kvinnene si opplevingsverd på ein ironisk måte.[treng kjelde] Verket hennar er blitt omtalt som unik, surrealistisk feminisme.[4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • 12 konur, 1965
  • Veisla undir grjótvegg, 1967
  • "Kona med spegil" , 1967
  • Sögur, 1979
  • Gefið hvort öðru, 1982
  • Endurkoma, 1986
  • Smásögur, 1987
  • Undir eldfjalli, 1989
  • Sögur handa öllum, 2001

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Leigjandinn, 1969. Norsk oms. Leigebuaren. Omsett av Ivar Eskeland. (Nordisk bibliotek, 3.) Oslo: Noregs Boklag, 1976.
  • Gunnlaðar saga, 1987. Norsk oms. Fortellingen om Gunnlod. Omsett av Jon Gunnar Jørgensen. Oslo: Cappelen, 1990.

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Hvað er í blýhólknum?, 1970
  • Friðsæl veröld, 1974
  • Æskuvinir, 1976
  • Í takt við tímana, 1980
  • Lokaæfing, 1983
  • Næturganga, 1989

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Svava Jakobsdottir Biography | Dictionary of Literary Biography». bookrags.com. Henta 4. november 2015. 
  2. «Svava Jakobsdóttir (Author of Gunnlaðar saga) |Goodreads profile». goodreads.com. Henta 4. november 2015. 
  3. 3,0 3,1 Nordbø, Børge (30. desember 2020). «Svava Jakobsdóttir». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. Simmonds, J. (1999). Iceland. APA Publications. s. 93. ISBN 9780887291760. Henta 4. november 2015. unique brand of surreal feminism.