Svein Engen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svein Engen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1953 (71 år)
Hønefoss
Yrke skiskyttar

Svein Engen (fødd 27. mars 1953) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Tyristrand i Ringerike kommune, som vann fire individuelle NM-gull og eitt stafett-NM.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Engen deltok for Noreg i vinter-OL 1976 i Innsbruck og vart nummer 20 på 20 kilometer og kom på femteplass i stafetten. Året etter vart han nummer ni på 20 km under VM i Vingrom og vann begge dei individuelle tevlingane under NM, samt stafetten for Buskerud saman med Odd Pedersen, Ivar Olsen og Nils Sørensen. I 1978 vart han på ny norsk meister på 20 km og i 1979-sesongen kom han på tiandeplassen på 10 km under verdsmeisterskapen i Ruhpolding.

Under vinter-OL 1980 i Lake Placid fekk han med seg to fjerdeplassar på høvesvis 20 kilometer og i stafett. I 1983 vart han noregsmeister for siste gong då han gjekk til topps, og samstundes vann si 13. og siste NM-medalje (5-3-5).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]