Svein O. Øraker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein O. Øraker
Svein O. Øraker.jpg
Fødd 10. august 1886

Vestre Slidre

Død 27. september 1963
Parti Arbeidarpartiet

Svein Olsen Øraker (fødd 10. august 1886 i Vestre Slidre, død 27. september 1963) var ein norsk skulemann og politikar (Ap).

Han var bondeson og tok examen artium i 1906 og lærarskuleeksamen i 1907. Han var lærar i Vardal 1907–1908, i Valdres 1908–1910 og i Hammerfest 1910–1916 (adjunkt frå 1912, overlærar frå 1913). Deretter var han konstituert styrer ved Hammerfest kommunale høiere almenskole 1916–1918, før han var overlærer og styrer ved Levanger gymnas og realskole 1918–1947, lærer ved Norsk Korrespondanseskole 1942–1944 og skuledirektør i Oslo 1947–1956 (konstituert 1947–1949).

Øraker var lokalpolitisk engasjert i både Hammerfest og Levanger. I Hammerfest var han varaordfører 1916–1917 og ordførar i 1918. I Levanger var han varaordfører 1922–1924, ordførar i 1927, varaordfører i 1928, ordførar 1929–1930, varaordfører 1937–1939, ordførar i 1946, formann i ligningsrådet 1922–1924, formann i skulestyret i 1936–1947, formann i overligningsnemnden 1926–1947 og styreformann ved Levanger tekniske aftenskole 1920–1941. Han var innvald på Stortinget frå Trondheim og Levanger krets 1937–1949, og fungerte som vararepresentant 1922–1936. Av andre verv kan nemnast formann i Hammerfest Arbeidarparti 1914–1915, nestformann i Inntrøndelag Arbeidarparti 1931–1936, formann i Levanger og omegns Representantskapet til kreditbank 1937–1939, formann i Levanger Arbeidarparti 1945–1946 og medlem av Noregs Banks representantskap 1947–1956.

I 1957 vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]