Svein Rosseland
Utsjånad
| Svein Rosseland | |||
| Svein Rosseland, ca. 1935 | |||
| Fødd | 31. mars 1894 Kvam herad | ||
|---|---|---|---|
| Død | 19. januar 1985 Bærum kommune | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Område | astrofysikk | ||
| Yrke | astronom, astrofysikar, professor, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Universitetet i Oslo | ||
| Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
| Doktorgradsrettleiar | Vilhelm Bjerknes | ||
| Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Kungliga Vetenskapsakademien | ||
Svein Rosseland (31. mars 1894–19. januar 1985) frå Kvam i Hardanger, var ein norsk astrofysikar og professor ved Universitetet i Oslo.
Rosseland la sterk vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og var norsk representant i NORDITA og til CERNs råd.[1]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 1957 vart Rosseland utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Asteroiden 1646 Rosseland og månekrateret Rosseland er oppkalla etter han, og Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo ber namnet hans. Ei byste av han er reist ved Steinsdalsfossen, like ved heimstaden hans, Rosseland i Steinsdalen, om lag to kilometer frå Norheimsund.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «4th Session of Council, 19 - 20 Dec 1955 :Minutes». CERN/0164/Rev. (på engelsk). 1955. Henta 25. september 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Svein Rosseland» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2006.