Steinsdalsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°22′14″N 6°6′14″E

Steinsdalsfossen
Stien bak Steinsdalsfossen. (Foto: Willy Haraldsen)

Steinsdalsfossen (i tillegg kalla Øvsthusfossen eller Øfsthusfossen) ligg 2 kilometer vest for Norheimsund i Kvam herad i Hardanger.

Fossen er ein av dei mest vitja i Noreg, og er spesiell fordi det går ein sti bak han som ein kan gå tørrskodd på. Fossen har eit fall på 50 meter og rimeleg god vassføring, særleg under snøsmeltinga i mai og juni.

Steinsdalsfossen er ein del av Fosselva som har sitt utspring frå Myklavatn som ligg 814 moh. Fossen vart danna i 1699 då elva fann eit nytt løp. [1]

verdsutstillinga i Hannover i år 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske der ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne «fossen» var 15 meter høg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

<References>

  1. Natur Historisk Vegbok (2004) side 488, faktaboks. Også omtalt i Ættarbok for Kvam.
  2. Aftenposten 2. juni 2000. Side 32: Gjøgling og protester åpnet Expo