Svein Ulset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Ulset
Fødd15. juli 1952
Volda
Død30. november 2015 (alder 62–63)
YrkeProfessor i økonomi

Svein Ulset (195230. november 2015) var ein norsk professor ved Noregs Handelshøgskole.[1] Han forska blant anna på økonomi innanfor telekommunikasjon og FoU (forsking og utviklingsarbeid).

Svein Ulset var fødd i Volda og voks opp i Hjørungavåg. Som vaksen budde han i Bergen.

Ulset gjekk på Volda Gymnas og sidan Norges Handelshøyskole, der han blei siviløkonom, og Universitetet i Bergen, der han tok graden cand.polit. Tidleg på 1990-talet hadde han to opphavld ved Haas School of Business ved University of California, Berkeley.[2]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Ulset, S. (1996). R&D outsourcing and contractual governance: An empirical study of commercial R&D projects. Journal of Economic Behavior & Organization, 30(1), 63-82.
  • Ulset, S. (2002). Mobile virtual network operator sin: a strategic transaction cost analysis of preliminary experiences. Telecommunications Policy, 26(9), 537-549.
  • Ulset, S. (2008). The rise and fall of global network alliances. Industrial and Corporate Change, 17(2), 267-300.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Svein Ulset 1952-2015», Paraplyen, 01.12.2015 
  2. Anette W. Petersen (26.08.2002), «Svein Ulset er blitt 50 år», Paraplyen