Sven Rosborn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven Rosborn

Fødd31. juli 1949
NasjonalitetSverige
Yrkearkeolog
Alma materLunds universitet
Sven Rosborn

Sven Gunnar Rosborn (fødd 31. juli 1949) er ein svensk arkeolog, foredragsholdar, forfattar av vitskaplege og populærvitskaplege artiklar og bøker. Han er kjent i Noreg for å ha stått for bygningsarkeologiske granskingar av dei to Systerkyrkjene og det såkalla Steinhuset på Granavollen på Gran på Hadeland, som alle er frå mellomalderen. Han leia òg restaureringa av Steinhuset, som er ein av dei eldste bygningane i Noreg, sjeldsynt ved å vere ein ikkje-religiøs bygning i stein på den norske landsbygda frå denne tida[1].

Sven Rosborn vart fødd i Malmø og tok examen artium ved Tekniska gymnasiet i denne byen i 1968, studerte ved arkeologiska institutionen på Lunds universitet frå 1970 og avla i 1972 eksamen med huvudemne forntida arkeologi (forhistorisk arkeologi) og medeltidsarkeologi (mellomalderarkeologi). I åra 1972 – 1973 leia han restaureringsarbeida på Steinhuset på Gran. I 1974 vart han filosofie licentia i medeltidsarkeologi. Frå 1970 til 1995 var han tilsett som arkeolog på Malmö museum, og i 1977 som sjef for bymuseet i Malmø, Malmö stadsmuseum.

Sven Rosborn var ein av initiativtakarane til prosjektet Forntid i nutid. Dette var eit omfattande samarbeidsprosjekt som vart sett i gang i 1980 for å formidle og gjere levande den kunnskapen om steinalderen i Skåne som dei arkeologiske granskingane hadde frambrakt. Buplassar og miljø frå eldre og yngre steinalder var oppbygde, inklusive ei storsteinsgrav (dysse) frå yngre steinalder.

I 1990 skipa Rosborn og to kollegaer det populærvitskaplege tidsskriftet Populär historia. Saman med kollegaen Björn M Jakobsen skipa han i 1995 det arkeologiske friluftsmuseet Fotevikens Museum i sørvestre Skåne, der Rosborn var forskings- og informasjonssjef fram til 2012.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Resultatet av dei bygningsarkeologiske granskingane, og teoriar om bygginga og bruken av kyrkjene og Steinhuset på Granavollen i mellomalderen, har Sven Rosborn publisert i boka Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen, utgjeve av Stiftelsen Steinhuset på Granavollen i 2014, ISBN 978-82-999607-0-0. Her er òg ein biografi på side 134