Svend Lindø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svend Lindø

Fødd5. januar 1862
Tysvær kommune
Død11. november 1935 (73 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Svend Lindø (5. januar 186211. november 1935) var ein norsk skipsreiar, skipshandlar og politikar for Venstre, busett i Haugesund.

Lindø var fødd på Hetland i Tysvær. Far hans flytta nokre år seinare til Haugesund og byrja reie ut skip. Lindø sjølv tok styrmannseksamen og underviste i fleire år ved den offentlege sjømannsskulen i Haugesund. Frå 1886 dreiv han agenturforretning i byen, før han få år seinare utvida verksemda til frakt- og skipsutreiing.

Lindø var ordførar i Haugesund 1907-08 og 1913-14, i mellomtida varaordførar. Elles var han i si tid formann i både skulestyret og hamnestyret i byen, og for sjømannsskulen i byen. Perioden 1916-18 representerte han einmannskrinsen Haugesund og partiet Venstre på Stortinget, ei tid i 1916 med sete i Sosialkomiteen, før han gjekk over i Næringskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]