Svenska institutet i Athen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Svenska institutet i Athen er ei svensk stifting som driv eit arkeologisk institutt i Aten i Hellas med økonomisk stønad frå det svenske Utbildningsdepartementet (Utdanningsdepartementet). Instituttet har sitt sete og styre i Stockholm, med leiaren av styret utpeika av den svenske regjeringa, og har som føremål «...att befrämja utforskandet av Greklands antika kultur, att förmedla kunskap om denna och därmed berika vår egen kultur samt att stimulera och understödja kulturutbytet mellan Sverige och Grekland.»

Instituttet skal fungere som formidlar mellom styremaktene i Hellas og svenske forskarar, med hovudoppgåve å stå for eller take del i arkeologiske granskingar og utgravingar, etterarbeid etter utgravingar og publisering av funna og dei faste fornminna. Dessutan skal instituttet yte tenester til svenske forskarar som vil drive forsking i Hellas, og til utanlandske forskarar som vil studere funna frå dei svenske utgravingane og granskingane.

Andre tilsvarande institusjonar i Aten[endre | endre wikiteksten]

Fleire land er representert i Aten med tilsvarande institusjonar, til dømes Noreg med Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie, som universiteta i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo står attom. Andre er American School of Classical Studies at Athens, Australian Archaeological Institute at Athens, Belgische School te Athene, British School at Athens, Canadian Institute in Greece, Det Danske Institut i Athen, Deutsches Archäologisches Institut Athen, École française d’Athènes, Georgisches Institut in Athen, Irish Institute of Hellenic Studies at Athens, Nederlands Instituut in Athene, Österreichisches Archäologisches Institut Athen, Schweizerische Archäologische Schule in Griechenland, Scuola Archeologica Italiana di Atene, Suomen Ateenan-instituutti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsidene til Svenska institutet i Athen.