Sverre Reiten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Reiten
Fødd 14. desember 1891
Grytten
Død

12. juli 1965
Torvikbukt

Yrke politikar, rektor, lærar

Sverre Reiten (14. desember 189112. juli 1965) var ein norsk skulemann, gardbrukar og politikar for Kristeleg Folkeparti, som var stortingsrepresentant 1945-49.

Reiten var son til ein gardbrukar i Grytten herad. Sjølv tok han eksamen ved Volda lærarskule i 1916 og underviste frå 1919 til 1942 på Nordmøre ungdomsskule, styrar av skulen 1942-45 og 1949-61. I 1925 kjøpte han eit gardsbruk i Øre og dreiv det til 1958 ved sidan av skulegjerninga.

Periodane 1928-31, 1937-40 og 1945-46 var Reiten medlem i Øre formannskap, i 1945 ordførar ei kort tid. Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal for Kristeleg Folkeparti. På Stortinget var han dei neste fire åra medlem i Helsekomiteen. Åra 1952-57 var han ordførar i Øre, ei tid då han samstundes var ordførar på fylkestingsamlingane i Møre og Romsdal. Tingbolkane 1954-57 og 1958-61 var han fyrste vararepresentant til Stortinget for Kristeleg Folkeparti i Møre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]