Svetlana Bazjanova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svetlana Bazjanova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 1. desember 1972 (51 år)
Tsjeljabinsk
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 3000 meter damer

Utmerkingar

Æresordenen, Venskapsordenen

Svetlana Valerjevna Bazjanova (fødd 1. desember 1972) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Tsjeljabinsk som under Vinter-OL 1994 vart olympisk meister på 3 000 meter.[1]

Bazjanova deltok i dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville og vart nummer seks på 1500 m og sju på både 3 000 m og 5 000 m. Året etter tok ho tredjeplassen ved europameisterskapen i Heerenveen. I januar 1994 sikra ho seg andreplassen då EM fann stad i VikingskipetHamar, nesten tre tidspoeng bak suverene Gunda Kleemann frå Tyskland. Ein månad seinare overraska ho med å vinne gullmedaljen på 3 000 m under OL 1994 på den same arenaen, 0,7 sekund føre Emese Hunyady og med Claudia Pechstein på bronseplassen.

Framom til 2000 høyrde Bazjanova med i verdstoppen på dei lengre distansane og i firkamp, utan at ho makta kapre fleire medaljar enn ein bronse då EM 1998 vart avvikla i Helsinki. Ho la opp i 2003.

Svetlana Bazjanova gifta seg med skeiseløparen Vadim Sajutin i 1994.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svetlana Bazhanova, olympedia.org