Swadic Sanudi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Swadic Sanudi
Personleg informasjon
Fødd 21. oktober 1983
Fødestad Malawi
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Dynamos
Nummer 1
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2000
2000-01
2001-05
2005-
Sør-Afrika AmaZulu
Sør-Afrika Jomo Cosmos
Flagget til Malawi Big Bullets
Sør-Afrika Dynamos
4 (0)
8 (0)
-
-
Landslag
2000- Flagget til Malawi Malawi 45 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 13. februar 2010

Swadic Sanudi (fødd 21. oktober 1983) er ein malawisk fotballspelar. Han har spela som keeper for Dynamos i den nesthøgste divisjonen i den sørafrikanske fotballigaen og for landslaget til Malawi.

Sanudi begynte fotballkarrieren sin i klubben AmaZulu i Durban i Sør-Afrika, der han spelte fire kampar for A-laget. I 2000 gjekk han til Jomo Cosmos i Johannesburg, der han spelte åtte kampar. I 2001 drog han tilbake til Malawi og toppklubben der, Big Bullets, før han vende tilbake til Sør-Afrika og Dynamos i 2005.

Han debuterte for Malawi sitt A-landslag i 2000. I 2010 var han med i Malawi sin tropp til Afrikameisterskapen, der han spelte alle dei tre kampane til Malawi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.