Swanahild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Swanahild
Alle titlarDronning
Hus eller slektAgilulfingarane
FarTassilo II av Bayern
EktefelleKarl Martell
BarnGrifo

Swanahild var ei adelskvinne på 700-talet frå den bayerske slekta agilulfingarane. Ho var den andre kona til frankarkongen Karl Martell, og mor til Grifo.

Karl Martell tok Swanahild og Pilitrud, kona til hertug Grimoald av Bayern, med seg tilbake frå Bayern etter å ha hærteke området i 725.[1] Swanahild blir omtalt som ei niese eller kvinneleg slektning av Pilitrud og seinare av hertug Odilo av Bayern, men foreldra hennar er ukjende.

Karl Martell og Swanahild fekk sonen Grifo i 726. Swanahild skal ha bidrege til at ei dotter av Karl Martell, Hiltrud, blei gift med Odilo av Bayern i 741.[1] Ho skal også ha oppfordra Karl Martell til å etterlata ein viktig del av kongedømet til sonen deria. Etter at Karl Martell døydde i 741, delte sønene hans Karloman og Pipin riket mellom seg to. Swanahil skal då ha oppfordra Grifo til å gjera opprør for å gjera krav på sin del av riket. Dei blei nedkjempa, og Swanahild blei send til eit kloster i Chelles i Seine-et-Marne.[2]

Ho blei gravlagd i klosterkyrkja Saint-Denis, der dei fleste franske kongelege er gravlagde.[2]

Namnet hennar blir også skrive som Swanachild, Suanachildis, Suanhilde, Sunnichilde, Sonichilde og Serenahilt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stuart, s. 105. Airlie, Stuart (1999), «Narratives of Triumph and Rituals of Submission: Charlemagne's Mastering of Bavaria.», Transactions of the Royal Historical Society 9: 93–119, doi:10.2307/3679394 
  2. 2,0 2,1 Medieval Lands Project on Suanachildis