Seine-et-Marne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Seine-et-Marne
Våpenskjoldet til Seine-et-Marne
Plassering
Plasseringa til Seine-et-Marne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 77
Region: Île-de-France
Préfecture: Melun
Sous-préfectures: Fontainebleau
Meaux
Provins
Torcy
Arrondissement: 5
Kantonar: 43
Kommunar: 514
Président du conseil général: Vincent Eblé
Statistikk
Folketal Rangering 12.
 -2011 1 338 427
Folketettleik: 226/km²
Landareal¹: 5 915 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Seine-et-Marne er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elvane Seinen og Marne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Seine-et-Marne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Île-de-France.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og dannar den austlege halvdelen av regionen (49 % av det totale arealet). Seine-et-Marne grensar til departementa Val-d'Oise, Seine-Saint-Denis, Val-de-Marne og Essonne i vest, Loiret og Yonne i sør, Aube og Marne i aust, og Aisne og Oise i nord.

Departementet har mange naturreservat, mest kjend er Brie og Gâtinais.

Dei største byane i departementet er: Chelles, Torcy, Pontault-Combault, Lagny-sur-Marne, Coulommiers, Nemours, Meaux, Melun, Montereau-Fault-Yonne, Brie-Comte-Robert, Provins, Fontainebleau i tillegg til dei «nye byane» Marne-la-Vallée og Sénart.

Det høgaste punktet i departementet er Saint-George på 215 m.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Seine-et-Marne har eit temperert klima. Den årlege nedbørsnormalen er rundt 650 mm, som er meir enn normalen for heile regionen Île-de-France (600 mm). Middeltemperaturen er om lag 3 °C i januar og 19 °C i juli.

Ein storm den 26. desember 1999 tok livet av fem menneske i Seine-et-Marne og reiv ned mange tre.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

60 % av området vert nytta til jordbruk, som er det største og viktigaste jordbruksområdet i Île-de-France. Korn og sukkerroe er dei viktigaste eksportvarene frå Seine-et-Marne. Dei andre områda som er viktigast for økonomien er raffineriet ved Grandpuits og forskingsanlegget SNECMA. Dei to nye byane er eit senter for turisme, hovudsakleg på grunn av temaparkar som Disneyland Resort Paris

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Seine-et-Marnais.

Opphavleg var Seine-et-Marne eit landleg og lett folkesett departement, men i løpet av dei siste 50 åra har innbyggjartalet vorte tredobla på grunn av den nære tilknytinga til Paris og urbanisering. I 2004 vart folketalet estimert til 1,24 millionar innbyggjarar. Området har endra seg frå å bestå av mange små landsbyar til å utgjere ein stor del av storbyområdet til Paris.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Seine-et-Marne