Syllingsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Syllingsteinen var ein runestein frå Sylling i Lier kommune i Buskerud. Steinen stod murt inne i kormuren på den gamle kyrkja i Sylling, med innskrifta vendande ut. Steinen vart undersøkt og avteikna av M.A. Arendt i 1804. Då den gamle mellomalderkyrkja vart riven i 1851 vart steinen teke ut og lagt til side, men han kom bort og er aldri vorte funnen att.

Ifølgje Arendt si avteikning var innskrifta:

salgærþr huilir her guþgætie
þina
aslakr markaþimik

Magnus Olsen tolkar dette til norrønt:

Salgerđr hvilir her. Guđ gæti þin-na. Aslakr markađi mik.

På moderne norsk vert det:

Salgerd kviler her. Måtte Gud vakte over deg. Aslak merka meg (dvs. merka steinen med runer).

Runene er sannsynlegvis rista ein gong før 1150.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]