Symra kino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°52′26.360″N 10°48′40.381″E

Symra kino før han blei byggd inn i Lambertseter senter.
Foto: Kjetil Ree

Symra kino er ein kinoLambertseter i Oslo. Kinoen tilhøyrer Oslo Kino, og er deira einaste kino utanfor Oslo sentrum.

Kinoen ligg i Cecilie Thoresens vei 23 på Lambertseter. Han opna i 1965 som den første norske drabantbykinoen. Bygget var teikna av arkitektane Frode Rinnan og Olav Tveten. Namnet blei gjeve etter ein namnekonkurranse.

Opphavleg hadde kinoen éin sal med 432 sitjeplassar. I 2002 bestemte Oslo kommune seg for å selja kinoen, og i 2003 blei han stengd. Kommunen selde aksjane sine til Obos forretningsbygg i 2005. Kinoen opna att i 2006, før han var stengd frå 1. januar 2008 til 12. oktober 2010 for ombygging. I denne perioden blei han bygd om til to salar med høvesvis 207 og 93 sitjeplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]