Synagogen i Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudrommet i synagogen i Trondheim.

Den noverande synagogen i Trondheim vart innvigd i 1925.

Bygningen vart bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygningen i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925. Samtidig vart den gamle synagogen i St. Jørgensveita nedlagt.

Under krigen vart synagogen konfiskert av nazistane (1941), og dei gjorde mykje skade på interiøret. Etter omfattande reparasjon vart synagogen attinnvigd hausten 1947.

I 1997 vart det jødiske museet opna i eit rom i synagogebygningen. Restitusjonsfondet gjorde det mogleg å utbetre bygningen, og frå sommaren 2000 vart det gjort omfattande restaurering og ominnreiing av 1. etasje. Synagogen vart attopna i 2001 med bibliotek, multimediasenter og eit kraftig opprusta jødisk museum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]