Hopp til innhald

Synnøve Konglevoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Konglevoll

Fødd16. juni 1972 (52 år)
Tromsø kommune
Statsborgar avNoreg
PartiDet norske Arbeiderparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Handelshøyskolen BI
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
VervStortingsrepresentant for Troms 1997–2005
Alle verv

Synnøve Konglevoll (fødd 16. juni 1972 i Tromsø) er ein norsk Ap-politikar. Ho sat på Stortinget frå Troms i perioden 1997–2005.

Konglevoll er utdanna Master of Science i Political Economy ved Handelshøgskolen BI (2006). Ho har òg ein cand.mag.-grad (sosialantropologi mellomfag, statsvitskap grunnfag) frå UiT 1991-1997. Synnøve Konglevoll arbeider som rådgjevar og koordinator i Noregs forskningsråd, med ansvar for demokrati, styring og regionalitet, og dessutan samfunnsvitenskapelig petroleumsforskning. Ho er gift med Senterpartipolitikar, statssekretær i Utenriksdepartementet Erik Lahnstein, son til Anne Enger.

Stortingskomitéar

[endre | endre wikiteksten]