Syrinx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk teikning av syrinx. Grøne område er bruskringar. 5 og 6 er membranar. 2 er luftrøyret og 8 er bronkie.

Syrinx (gresk for 'røyr, fløyte'[1]) er namnet på vokaliseringsorganet hos fuglar. Organet er lokalisert nedst i luftrøyret, der røyret deler seg inn i lungene. Syrinx er muskulært og musklane styrer ei rekkje membranar som blir sette i vibrasjon og skaper lydar når luft strøymer gjennom det. Musklane modulerer lyden ved å endre spenninga i membranar og i bronkieopningar.[2] Nokre fugleartar har ein kompleks syrinx og er i stand til å variere lydtrykk og tonehøgde. Til dømes kan artar av papegøyar, kråkefuglar og nokre starar, etterlikne menneskeleg tale. Andre artar har mindre utvikla syrinx og er berre i stand til å variere innanfor eit avgrensa repertoar av enkle lydar. Kondorar manglar syrinx heilt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hume, Rob (2002). Damms store bok om fugler i Norden og Europa. N. W. Damm & Søn AS. ISBN 82-496-0599-3.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «syrin» i Nynorskordboka.
  2. Larsen, Ole Næsbye; Franz Goller (1. januar 2002). «Direct observation of syringeal muscle function in songbirds and a parrot». Journal of Experimental Biology 205 (1): 25 –35. Henta 26. juni 2011.  Fulltekst pdf
  3. Kemp, Alan, and Ian Newton (2003): New World Vultures. I Christopher Perrins, red., The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3. side 146