Syskenbarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dronning Victoria og kusina hennar, Victoria av Saxe-Coburg-Gotha-Koháry. Måleri frå 1852 av Franz Xaver Winterhalter.

Syskenbarn (frå norrønt systkinabǫrn (fl.)[1]) er ei nemning for skyldfolk som er barn av sysken til far eller mor åt ein sjølv. Ein seier om syskenborn at dei er slektningar i andre ættleddet. Er folk syskenborn, har dei minst éin sams besteforelder. Som regel har dei to besteforeldre felles. Doble syskenborn er born av sysken på både fars- og morssida, dei har følgjeleg tre eller fire besteforeldre felles.

Skilje mellom ulike typar syskenborn[endre | endre wikiteksten]

Eit syskenbarn av hannkjønn vert òg kalla fetter, eit ord som er lånt frå lågtysk. Eit syskenbarn av hokjønn vert òg kalla kusine, eit ord lånt frå fransk. På svensk, fransk og engelsk vert dette ordet (kusin, cousin(e) og cousin) brukt om alle syskenborn.

I tradisjonelt mål vert syskenborn som er born av systrer, kalla systrungar, medan dei som er born av brør, vert kalla brødrungar. I nokre kulturar skil ein mellom parallellsyskenborn, det vil seia systrungar av mora eller brødrungar av faren, og kryssyskenborn, brødrungar av mora og systrungar av faren. I kulturar som skil mellom slike typar syskenborn kan ein til dømes rekna parallelle syskenborn som brør og systrer, medan kryssyskenborn er rekna som mindre i slekt med ein sjølv.

I slektskapssystemet antropologar har kalla sudanesisk skil ein mellom syskenborn både ut frå kjønnet deira og det til foreldra. Det finst dermed åtte ulike nemningar for syskenborn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar