Tåkelur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei tidleg form for tåkesignal. Tåkeklokke ved Fort Point Light Station i Maine i USA.
Elle tåkeklokke i Oslofjorden sør for Drøbak.
Tåkelurar nær Lizard Point i Cornwall. Denne installasjonen nyttar sirener til å produsere lyd.
Ein tåkelur på Flat Holm i Bristolkanalen i Wales
Tåkelur på Ailsa Craig, der tåkesignalet vart lagt ned i 1966.

Ein tåkelur, eit tåkehorn eller eit tåkesignal er eit apparat som lagar lyd for å åtvare fartøy om farar når det er tåke. Uttrykket vert oftast nytta i samband med sjøtransport. Når visuelle navigasjonshjelpetøy som fyr er skulte på grunn av dårleg sikt, kan tåkelurane gje ei høyrbar åtvaring om klipper, grunner nes eller andre farar for skipstrafikken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege tåkesignal[endre | endre wikiteksten]

Tåkesignal har vorte nytta i forskjellige former i hundrevis av år, i starten berre som klokker som vart slått manuelt. Tåkeklokker i eigne tårn, drive med urverk som slo på klokka, har òg vore nytta mange plassar i tider då det elles vart nytta tåkelurar; i Noreg er fem slike tåkeklokker teke vare på og freda, alle langs fjordar på Austlandet.

Ved somme fyr vart små kanonar avfyrt periodisk for åtvar skip, men dette var lite tenleg då ein måtte fyre av kanonen gjennom heile perioden tåka varte, som gjerne kunne vere fleire dagar. Andre stader vart det nytta dampdrivne fløyter, medan andre igjen avfyrte dynamitt.

Gjennom 1800-talet vart det gjort forsøk på å automatisere singalprosessen. Enkelte stader vart det utvikla eit system der skytebomull vart avfyrt elektrisk, medan mekaniske klokker vart utvikla andre stader.[1]

Tåkelurar[endre | endre wikiteksten]

Den første automatiske dampdrivne tåkeluren vart funne opp av Robert Foulis, ein skotte som emigrerte til Saint John i New Brunswick i Canada. Foulis skal visstnok ha høyrt dottera spele piano i det fjerne ein tåkete kveld og la merke til at dei låge tonane var enklare å høyre enn dei høgare tonane. Han teikna så eit apparat som produserte lågfrekvent lyd, samt eit kodesystem som skulle nyttast i lag med apparatet. Etter fleire presentasjonar for lovgjevingsmakta i New Brunswick vart tåkeluren til Foulis sett opp på Partridge Island i 1859.[2]

I same periode fann Celadon Leeds Daboll opp ein koldriven tåkelur kalla Daboll-trumpeten for det amerikanske fyrvesenet, men dette vart ikkje nytta utanom USA.[3] Eit par Daboll-trumpetar var i bruk fram til midten av 1900-talet.

Alle tåkelurar nyttar ei vibrerande luftsøyle for å skape ein tone som ein kan høyre, men metodane for å skape vibrasjonane varierer. Enkelte horn nyttar vibrerande plater eller røyrblad av metall på same måte som i eit moderne elektrisk bilhorn. Andre nyttar seg av luft som vert pressa gjennom hol i ein roterande sylinder eller skive, på liknande måte som ei sirene. Halvautomatiske tåkelurar nytta seg av urverk-mekanismar som opna ventilane og slapp luft til horna. Kvart horn hadde sin eigen karakter slik at det var mogeleg å skilje dei forskjellige frå kvarandre.[4]

Diafon[endre | endre wikiteksten]

Frå tidleg på 1900-talet vart det utvikla eit apparat kalla diafon av John Northey frå Toronto. Dette vart ein standard tåkelur for nye installasjonar. Diafonane produserte lyd ved hjelp av komprimert luft og kunne skape ekstremt kraftige lågfrekvente tonar. Elektriske tåkelurar vert kalla nautofon.

Erstatning og nedlegging av tåkelurar[endre | endre wikiteksten]

Etter at fyra har vorte automatiserte har dei fleste tåkelurar vorte fjerna, i alle fall i Noreg, og er erstatta av elektriske hjelpemiddel som ikkje er avhengig av synleg lys, som racon. Enkelte stader i utlandet har eldre tåkelurar vorte erstatta av nyare, som aktiverer seg automatisk ved hjelp av optiske siktmålarar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pepper, T. Stevens Fog Bell Apparatus, Seeing the Light
  2. Famous Glaswegians - Robert Foulis, JR Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., accessed 05-09-08
  3. Holland, F. R. America's Lighthouses, Dover, 1988, ISBN 978048625576, s. 204
  4. See for example Fox, F. Siren, Point of Ayre Lighthouse Arkivert 2008-07-09 ved Wayback Machine., vitja 8. oktober 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]