Tårepunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av eit tårepunkt.

Tårepunkta (av latin punctum lacrimalis, pl. puncta lacrimalia) er små munningar øvst på tårepapillen i augeloka, der tårekanaliklane tek til. Dei ligg i den mediale (indre) augevinkelen, ved det laterale ytterpunktet av tåresjøen. Det finst to tårepunkt i kvar av dei indre augeviklane.

Dei verkar ved å samle tårer frå tårekjertlane. Væska blir ført gjennom tårekanaliklane til tåresekken, og derfrå gjennom tårekanalen til nasa. Personar med tørre augo kan få sett inn tårepunktspluggar som dekkjer over tårekanaliklane for å minske væskedrenasje og styrke tårefilmen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]