Hopp til innhald

Töcksfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Töcksfors
tettstad
Land  Sverige
Areal 249 km²
Folketal 1 292 (31. desember 2023)
Kart
Töcksfors
59°30′29″N 11°50′39″E / 59.508157079897°N 11.844134418476°E / 59.508157079897; 11.844134418476
Wikimedia Commons: Töcksfors

Töcksfors er ein svensk tettstad i Årjängs kommun i Värmlands län, i landskapet Värmland. I 2018 hadde staden 1 247 innbyggjarar.

Töcksfors i Årjängs kommun
Töcksfors shoppingcenter

Töcksfors ligg ved Europaveg 18, 5 km frå grensa til Noreg. Staden har eit stort kjøpesenter som blei opna i 2005. Senteret har eit 40-tals butikkar med 28 000 m² butikkareal, eitt av dei tre store kjøpesentera for grensehandel langs svenskegrensa, og vert mest nytta av nordmenn for «Harryhandel» (grensehandel). Dette er planlagt utbygt i to fasar, den den første starta i slutten på 2011 og er rekna til 5000 m². I fase 2 er dette tenkt til å auka med ytterlegare 7000 m². I 2012 opna eit nytt kjøpesenter ved Lindudden like vest for sentrum ved E18 som blir på kring 20 000 kvadratmeter.

Bortsett frå dette har Töcksfors fin natur å vise fram, store skogar og eit variert dyreliv med mykje elg og vilt. E18 krysser Dalslands kanal i Töcksfors, og både nordover og sørover gjev vassvegane gode båt- og kanotilhøve.