Tørrdis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tørrdis i Kuala Lumpur, Malaysia i august 2005

Tørrdis, òg kalla varmedis, landver eller ølrøyk, er eit vêrfenomen i atmosfæren der støv, røyk og andre partiklar fører til dårlegare sikt. Den oppstår når støv- og røykpartiklar samlar seg opp i relativ tørr luft. I vêrsituasjonar der desse partiklane ikkje spreier seg, kan konsentrasjonen bli så stor at dei utgjer ein helsefare. Tett tørrdis årsaka av industriell forureining vert òg kalla smog.

Kjelder for tørrdispartiklar er trafikk, industri, skogbrannar og andre brannar og jordbruk.

Tørrdis har ofte ein brunaktig farge, medan tåkedis, som består av vassdropar i lufta, er meir blågråaktig. Medan tørrdis oppstår i relativt tørr luft, vert tåkedis danna i fuktig luft der tørrdispartiklane til og med kan opptre som kondensasjonskjerner for tåkedisdropane.

Tørrdis i Søraust-Asia[endre | endre wikiteksten]

Sentrum av Singapore 7. oktober 2006, som vart råka av tørrdis frå skogbrannar på Sumatra.

Tørrdis er eit vanleg problem i Søraust-Asia på grunn av skogbrannar i Indonesia, og då særleg Sumatra og Kalimantan. Desse brannane fører med seg røyk til Brunei, Indonesia, Filippinane, Malaysia, Singapore, Thailand og av og til Guam og Saipan. Dei økonomiske tapa på grunn av slike brannar vart i 1997 estimert til 50-60 milliardar kroner. Dette inkluderer skadar på jordbruk, skogområde, landområde, helse, transport, turisme og andre område. I oktober 2006 vart Malaysia, Singapore og Malaccasundet råka av tørrdis på grunn av brannar i Indonesia. Sørvestleg vind bles røyken over Malaccasundet.

Som følgje av dette har Association of Southeast Asian Nations (ASEAN) danna ein avtale kalla Regional Haze Action Plan (RHAP) for å varsle og overvake brannar i området.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tørrdis