Tørris Heggelund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tørris Heggelund

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1872
Etne kommune
Død

1. mai 1940 (67 år)

Yrke politikar, jurist
Politisk parti Høgre

Tørris Heggelund (9. oktober 18721. mai 1940) var ein norsk byråkrat, embetsmann og politikar, fødd i Etne. Perioden 1919-30 sat han på Stortinget for partiet Høgre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Heggelund var sjølveigarbonde på garden Vettestø i Etne. Sjølv gjekk han amtsskulen i Førde i Sunnfjord, og var så elev 1890-92 ved underoffisersskulen i Kristiansand. Seinare tok han i 1904 eksamen ved Kristiansands katedralskole, før han avslutta med å verte cand. jur. i 1906.

Midt på 1890-talet gifta han seg og slo seg ned i Kristiansand, der kona var frå. Heggelund arbeidde i byen som politikonstabel, og i to år som politisekretær. Ein periode var han konstituert krigsadvokat, før han var lærar i sjørett og rettslære ved Kristiansands offentlege sjømannsskule i 12 år. Deretter underviste han i handelsrett og veksellære ved Kristiansands kommunale handelsskule.

Heggelund var i godt over ti år fram til 1913 magistratssekretær i Kristiansand, og elles konstituert borgarmeister ved fleire høve i perioden 1905-17. Etter han hadde teke jus-eksamen var han overrettssakførar i Kristiansand og høgsterettsadvokat frå 1911. I 1918 var han atter konstituert borgarmeister i sørlandsbyen, før han var vald borgarmeister 1922-23. Han var så byskrivar i Kristiansand 1923-29 og i Oslo vestre distrikt frå 1929.

Perioden 1916-18 var Heggelund medlem av bystyret i Kristiansand. Frå 1919 til 1930 var han så stortingsrepresentant for Høgre. Han var i den fyrste treårsperioden vald frå einmannskrinsen Fæstningen i Kristiansand, sidan frå kjøpstaden i Vest-Agder og Rogaland. På Stortinget var han heile tida medlem i jarnbanekomiteen, der han gjorde eit viktig arbeid som formann i komiteen i tida frå 1922 til og med 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]