Taebaekfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 38°13′29″N 128°11′7″E

Taebaekfjella er ei fjellkjede som fyl Koreahalvøyas austkyst.

Taebaekfjella er ei fjellkjede som går langs austkysten av den koreanske halvøya. Taebaekfjellkjeda er 500 km lang og har ei gjennomsnittleg høgd på 1000 moh.

Hwangnyongfjellet (1268 moh.) i Nord-Korea er det nordlegaste punktet i fjellkjeda, medan den sørkoreanske byen Busan er det sørlegaste punktet. Mellom dei høgaste fjelltoppane er Kumgangsan (1638 moh.), Seoraksan (1708 moh.) og Odaesan (1563 moh.). I aust fell fjellkjeda bratt ned i havet, medan det i vest er meir ujamt fall.

Dei største elvane i Sør-Korea har kjeldene sine i fjellkjeda, som Hanelva og Nakdongelva.

Økonomisk er fjellkjeda viktig for gruvedrift, der det vert utvunne jarn, kol, wolfram og kalkstein. Mange av dei mindre bratte partia av fjella er skogkledde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]