Tahr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Himalayatahr
Nilgiritahr
Arabisk tahr

Tahr[1] (frå pahari)[2] er ei gruppe store klauvdyr som minnar om og er i slekt med geiter og sauer. Det finst tre ulike artar av tahr, alle frå Asia. Ein trudde tidlegare at dei var nært i slekt med kvarandre og plasserte dei i ei biologisk slekt, Hemitragus. Genetiske studiar har seinare vist at dei ikkje er så nært i slekt som ein trudde, og dei er no plasserte i kvar si monotypiske slekt: Hemitragus blir no bruk for himalayatahr, Nilgiritragus for nilgiritahr og Arabitragus for arabisk tahr.[3]

Område[endre | endre wikiteksten]

Både arabisk tahr i Oman og nilgiritahr i Sør-India har begge små utbreiingsområde og er rekna som tryga artar, medan himalayatahr er relativt utbreidd i Himalaya. Denne arten er også blitt introdusert til Søralpane på New Zealand, der det blir drive jakt på han. Eit tahr-par som rømte frå ein dyrehage i Sør-Afrika i 1936 etablerte ein populasjon på Table Mountain ved Cape Town,[4] men det meste av denne er blitt utrydda.[5] Nilgiritahr held til i fjellområde i Sør-India. I 1998 fanst det rundt 1400 individ av arten, med den største populasjonen fordelt mellom dei indiske statane Tamil Nadu og Kerala, sårbar for krypjakt.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «TAHR | Meaning & Definition for UK English | Lexico.com». Lexico Dictionaries | English (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  2. «tahr». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  3. Ropiquet, A. & Hassanin, A. 2005. Molecular evidence for the polyphyly of the genus Hemitragus (Mammalia, Bovidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 36(1):154-168
  4. Irwin, Ron (September 28, 2001). «Time Running Out for Exotic Tahrs in Cape Town». National Geographic News. Henta April 17, 2014. 
  5. Bamford, Helen (February 19, 2011). «Mountain rangers braai tahr». IOL News. Henta April 17, 2014. 
  6. Mishra, Charudutt; Johnsingh, A. J. T (1. november 1998). «Population and conservation status of the Nilgiri tahr Hemitragus hylocrius in Anamalai Hills, south India». Biological Conservation (på engelsk) 86 (2): 199–206. ISSN 0006-3207. doi:10.1016/S0006-3207(98)00004-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tahr