Sør-India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sør-India
region

Sør-India
13° N 77° E
India South India Locator Map.svg
Wikimedia Commons: South India

Sør-India er ein del av India som omfattar delstatane Andhra Pradesh, Karnataka, Kerala, Tamil Nadu og Telangana og unionsterritoriar Andamanøyane og Nikobarane, Lakshadweep og Puducherry. Til saman dekkjer desse 19,31 % av flatevidda til India (635 780 km²). Området dekkjer sørdelen av Deccanplatået, med kyst mot Bengalbukta i aust, Det arabiske havet i vest og Indiahavet i sør. Regionen omfattar to fjellkjeder, Dei austlege og Dei vestlege Ghatfjella, platået i midten og elver som Godavari, Krishna, Kaveri, Tungabhadra og Vaigai.

Dei fleste innbyggjarane i Sør-India snakkar eit av dei fire største dravidiske språka: Telugu, tamil, kannada eller malayalam. Større rike som byrja i Sør-India var Tsjera, Tsjola, Pandyan, Pallava, Satavahana, Tsjalukya, Rasjtrakuta, Madurai, Bahmani, Deccan-sultanata, Vidjayanagara, Marathariket og Mysore. Europeiske rike fekk innpass i India gjennom Kerala.

Folketalet er på kring 236 millionar; 49 millionar i Andhra Pradesh, 53 millionar i Karnataka, 32 millionar i Kerala, 66 millionar i Tamil Nadu, 35 millionar i Telangana, éin million i Puducherry og 61 000 på Lakkadivane, noko som gjev ein folketettleik på 337 per kvadratkilometer. Det nasjonale gjennomsnittet på 356 personar per km². Dei største byane er Chennai (hovudstad i Tamil Nadu), Bangalore (hovudstad i Karnataka), Coimbatore, Hyderabad (hovudstad i Telangana og Andhra Pradesh), Madurai og Visakhapatnam. Hovudstaden i Kerala er Thiruvananthapuram, medan Kavaratti er hovudstad for Lakkadivane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]