Taijiquan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Taiji-utøving i Kina.
Meisteren Yáng Chéngfǔ (楊澄甫, 1883–1936) i posituren kalla «den lette pisken»
Taijiquan praktisert i Hong Kong
Taiji i Auckland.

Taijiquan eller tai chi chuan også kjend som taiji, tai chi eller kinesisk skyggeboksing, er ein type kinesisk mjuk, indre kampsport praktisert både som forsvarsteknikk og for helsemessige fordelar kombinert med stressmeistring. Den tidlegaste kampforma har moglegvis hatt sit opphavleg utspring i buddistiske munkar som forsvarte rismarkene sina. Andre indre kampsportar som lik taiji er knytte til qi-teknikken qigong er bāguàzhǎng og xíngyìquán.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ordet taijiquan (tradisjonell kinesisk 太極拳, forenkla kinesisk 太极拳, pinyin tàijíquán, Wade–Giles T'ai4-chi2 ch'üan2) kan omsetjast som 'det øvste ultimate' (tàijí) og 'boksing' eller knyttneve (quán).

Førestillinga om taiji ('det øvste ultimate'), til forskjell frå wuji ('utan det ultimate'), førekjem både i taoisme og konfutsianisme, der det representerer samansmeltinga eller mora[1] til yin og yang til eitt, representert av taijitu-symbolet Taijitu - Small (CW).svg. Taiji-teori og praksis utvilka seg i lag med mange kinesiske filosofiske prinsipp der taoisme og konfutsianisme inngår.

Former[endre | endre wikiteksten]

Praksisen kan ha røter som går tilbake til 1200-talet. Fleire teknikkar blei sette saman til stilen det meste av moderne taiji stammar frå, Chen, omlag 1600-talet.[2] Det finst i dag mange stilartar innan taijiquan, sjølv om dei fleste er samde om at dei er alle basert på systemet som Chen-familien lærte til Yang-familien i 1820-åra. Det kan vera viktig å merka seg at namnet taijiquan er relativt nytt og at dei tidlegare utøvarane av kampsporten ikkje lett ville ha kjent igjen korkje namn eller form på mykje av det som i dag går for å vera taiji. Dei fleste stilartene er oppkalla etter personen som utvikla og vidareførte dei. Dei mest kjende er Yang, Chen, Sun, Wu/Hao og Wu. Nokre av desse har undergrupperingar igjen.

Utøving[endre | endre wikiteksten]

Taiji er ein kampsport der rørslene ofte vert praktisert som terapi for å betra helse, særleg i samband med muskel- og skjelettplager, og auka livslengd og livskvalitet i form av mindre opplevt stress, gjerne i den graden at all tilknyting til kampsport blir ignorert. Rørslene blir ofte skildra som grasiøse og vene å sjå på. Taiji har tidlegare blitt klassifisert som ein indre kampsport. Med indre meiner ein mjuke rørsler, til dømes normal sakte gonge utover som samstundes førebur rørsla til eit skritt framover, bakover eller til sida utan at den indre førebuinga er synleg for motstandaren. Også det indre blir oppfatta som meiningsfullt og kraftfullt for utøvaren.

Grunnleggjande taiji blir gjort utan utstyr. Seinare kan ein også gjera formene med sverd, spyd, sabel eller vifte.[2]

Grunnstilling og pusteteknikk i taiji blir praktisert på same måte som i qigong og er særs viktig for vidare utføring. Det er ei form for meditasjon i rørsle der det gjeld å halda grunnstilling og bruka rett pusteteknikk under utføringa. Forma består av ein lang serie med rørslemønster som i utgangspunktet er særs vanskeleg å gjera etter meistrane. Repetisjon av rørsler er ikkje eit mål i seg sjølv. Ingen kan vera ferdig utlært. Øvingane blir gjort ved hjelp av ein instruktør. Kognitiv læring er ikkje sentralt då det handlar mest om kroppkjennskap og naturleg rørsle. Å lesa om taiji har difor lite føremål i forståinga av utføringa. I skildringane av rørsler nyttar ein bilete til fortolking i staden for matematiske vinklar og halvsirklar.

Taiji nyttar rørslemoment i midje- og hoftepartiet (sirkelrørsler) og styrken i beina til å generera mest mogleg kraft med minst mogleg anstrenging. Dreiemoment er eit sentralt fysisk omgrep. Rørslene handlar om meistring av balanse og kjennskap til tyngdepunktforflyttinga til kroppen. Tyngdepunkt er eit anna sentralt fysisk omgrep. Rørsle er universelt. Innlæringa av dei naturlege rørslene kan brukast til å meistra rørslene til dagleglivet langt betre, som å setja seg inn i bil og snu seg rundt for å løfta bereposar. Gjennom naturleg kroppsrørsle, avslappingsteknikkar og pust kan ein oppnå helsevinst. Taiji er til dømes aktuelt som alternativ rørsletrening i fysioterapi.

Fokus i kamp ligg i å absorbera og parera angrepet til motstandaren slik at det ikkje har nokon effekt, for så å nytta seg av den strategiske overlegne posisjonen denne taktikken har ført til for å angripa. Ofte dreier det seg om å søkja etter det rørlege tyngdepunktet til motstandaren og sjølv ha eit lågt og gunstig tyngdepunkt til ei kvar tid. Om motstandaren grip tak eller slår frå seg eller spring fram ukontrollert, kan taiji-utøvaren med ro, posisjon og kontroll raskt få vedkomande endå meir ut av balanse. Det handlar om å forsvara seg, redusera eigen aggresjon og heile tida halda på roa. Metodane for å slå attende kan i teorien vera brutale i form av beinbryting, men vil i vanleg praksis vera som å føra ein dansepartnar over ende.

Taiji kan trenast veldig sakte. Dette sørgjer for at kroppen lærer raskare enn om utøvaren hadde utført øvingane raskt og ukontrollert. Ved å gjera øvingane sakte og kontrollert under trening kan utøvaren på eit seinare tidspunkt utføra rørslene både raskare og meir korrekt. Taiji er særs krevjande, og ein brukar mykje tid på å øva inn det grunnleggjande. Trening betalar seg i det lange løpet, då utøvaren vil få god kjennskap til sin eigen kropp og utøvinga av forma. Om ein meistrar den lange forma innanfor taiji tilfredsstillande, skal den rolege treninga på ein halvtime kvar dag vera tilstrekkeleg. Det er vanleg at læringsprosessen tek mange år. I eit lengre perspektiv er den grunnleggjande øvinga ein livslærdom.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cheng Man-ch'ing (1993). Cheng-Tzu's Thirteen Treatises on T'ai Chi Ch'uan. North Atlantic Books. s. 21. ISBN 978-0-938190-45-5. 
  2. 2,0 2,1 Bryhn, Rolf; Münch, Annette (1. november 2019). «tai chi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taijiquan