Tajay Gayle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tajay Gayle


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 2. august 1996 (27 år)
Kingston på Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2020 – Lengdehopp menn

Tajay Gayle (fødd 2. august 1996) er ein jamaicansk lengdehoppar som i 2019 vart verdsmeister i øvinga.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

13. juli 2018 sette Gayle personleg rekord med 8,17 meter då han sigra i DL-stemnet i Rabat. Få veker seinare forbetra han rekorden sin til 8,24 m då han vart andremann i den nordamerikansk-karibiske meisterskapen i Toronto. Sommaren 2019 flytta han sitt personbeste til 8,30 m i Kingston, to veker etter vann han lengde-tevlinga i eit DL-steme i Shanghai. Under verdsmeisterskapen i Doha var han tolvte best i kvalifiseringa. I finalen overraska han stort med 8,69 meter, verdas lengste lengdehopp for året og jamaicansk rekord. Han vart nummer 10 i OL-finalen 2021, før han kom tilbake og kneip bronsemedaljen i VM i friidrett 2023 i Budapest med eit hopp på 8,27 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]