Talent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Talent er ei gammal måleining for massen av gull og sølv. Etter tradisjonen var ein talent lik 60 mine.

Etter tradisjonen vart eininga innført av Solon i Aten kring år 600 fvt., og vart tidleg utbreidd i heile Midtausten. I antikkens Hellas var ein talent lik 60 pund eller 6000 drakmar.[1]

Eininga talent er bruka i Det gamle testamentet som mål for gull[2] og sølv[3] og tilsvarar om lag 34,2 kilogram. Det finst likevel ulike utrekningar for dei bibelske måla, og verdiane kan ikkje fastsetjast heilt nøyaktig.[4]

Talent vart òg rekna som ei mynteining med verdi svarande til massen i gull eller sølv. Ein talent reint gull eller elektrum, som består av 80 % gull, ville i vår tids pengar ha vore verdt fleire millionar kroner og ein talent sølv ovre eit hundre tusen kroner, noko som vil seie at mynteininga truleg aldri vart nytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]