Tamara Tikhonova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tamara Tikhonova
Fødd 13. juni 1964
Udmurt Autonomous Soviet Socialist Republic
Yrke langrennsløpar

Tamara Ivanovna Tikhonova (fødd 13. juni 1964) er ein russisk tidlegare langrennar frå landsbyen Kovaljovo i Udmurtia som tevla for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 20 km under Vinter-OL 1988, og vann gullmedaljar i 4 x 5 stafett både under Ski-VM 1985, OL 1988 og Ski-VM 1991. Perioden 1985-91 sikra ho seg åtte medaljar (4-2-2) i dei store internasjonale meisterskapane.

Tikhonova fekk si fyrste VM-medalje då ho gjekk startettapen på Sovjetunionen sitt vinnarlag i 4 x 5 km stafett då Ski-VM 1985 fann stad i Seefeld in Tirol. Ho deltok ikkje i Ski-VM 1987. Den 16. desember 1987 tok ho i Bohinj sin fyrste siger i eit verdscupsrenn, eit renn som var 10 km langt. Vel to månader seinare kom den andre og siste verdscuptriumfen, då ho under Vinter-OL 1988 i Calgary gjekk ho heilt til topps på 20 km. I Calgary vann ho også gull på stafetten, og ho fekk sølvmedaljen på 5 km.

Frå Ski-VM 1989 i Lahti fekk Tikhonova med seg ein sølvmedalje i 4 x 5 km stafett, og og ho vart bronsevinnar på 10 km fristil. Fleire gode tevlingar gjennom sesongen elles, førte henne inn på tredjeplass i verdscupen i langrenn 1989. Under Ski-VM 1991 i Val di Fiemme tok ho sitt tredje stafettgull, og ho presterte eit nytt bronseløp i 10 km fristil.

Tikhonova fekk ikkje plass på Russland sitt langrennslandslag etter 1992-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]