Tambora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tambora
vulkan
Land  Indonesia
Kart
Tambora
8°14′43″S 117°59′34″E / 8.2452777777778°S 117.99277777778°E / -8.2452777777778; 117.99277777778
Wikimedia Commons: Mount Tambora
Tambora sett frå rommet

Tambora er ein stratovulkan i Sumbawa i Indonesia. Diameteren på vulkanen er 60 km. I 1815 hadde vulkanen eit utbrot som er det kraftigste i moderne tid. Minst 117 000 menneske omkom og det vesle kongedømet Tambora gjekk til grunne. Før utbrotet var fjellet omkring 4 300 meter høgt, eit av dei høgaste fjella i Indonesia. Høgda er no 2 850 meter.

Fram til 1812 trudde ein vulkanen var utsløkt, det året merka ein for fyrste gong rystingar. Eksplosjonen i 1815 påverka eit enormt område, som omfatta Molukkane, Java og delar av Sulawesi (Celebes), Sumatra og Borneo. Tungt oskehaldig regn ramma også øyane Bali og Lombok. 1816 har vorte kalla «året utan sommar» grunna den nedkjølinga utbrotet førte til over heile kloten. Mange stader førte nedkjølinga til avlingssvikt og påfylgjande hungersnaud.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.