Hopp til innhald

Høns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tamhøns)
Ein hane og to høner.

Høns eller tamhøns (Gallus gallus domesticus) er ein tamfugl i fasanfamilien. Høns blei domestisert frå den asiatiske jungelhøna for minst 5000 år sidan. Dei blir hovudsakleg haldne for egg og kjøt, men kan også vera til nytte, pryd og underhaldning. Høns finst i mange fargar og storleikar, og kan vera dekte av fjør eller dun. Dei lever i flokkar og er altetarar. Me skil mellom hohøns, høne, og hannhøns, hane. Unghøns er kjende som kyllingar. Kapun er ein kastrert unghane.

Illustrasjon av ein jungelhane.

Det er funne spor etter hønsebein frå rundt 6000-4000 f.Kr. i Yangshao og Peiligan i Kina, og frå rundt 3000-2000 f.Kr. i Harappa og Mohenjo-Daro i noverande Pakistan. Høns spreidde seg seinare til store delar av verda. Dei blei truleg haldne i Noreg før vikingtida.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Høns
Spire Denne biologiartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.