Tapio Räisänen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tapio Räisänen


Statsborgarskap Finland
Fødd 10. mai 1949 (74 år)
Taivalkoski
Idrett skihopping

Tapio Räisänen (fødd 10. mai 1949) er ein finsk tidlegare skihoppar frå Taivalkoski. Han vart verdsmeister i storbakken i 1978, i Lahti i heimlandet Finland.

Räisänen har dei seinare åra drive eit ferieanlegg i Kuuharju i Lappland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Räisänen debuterte internasjonalt 30. desember 1975 i Oberstdorf, utan å utmerke seg. Seinare i OL-sesongen vart han finsk meister i storbakken, og han vart beste finne med ein sjuandeplass i hopprennet i Lahti. I 1977 kom han på sjuandeplass i skiflygings-VM, som det året vart arrangert i Vikersund i Noreg.

Under VM 1978 i Lahti gjekk Räisänen overraskande heilt til topps i det jevne storbakkerennet; 0,3 poeng framom austerrikaren Alois Lipburger og 0,8 poeng føre aust-tyske Falko Weißpflog. Han gjorde eit godt renn også i normalbakken og kom då på sjetteplass.

Räisänens beste plassering i den tysk-austerrikske hoppveka kom i avslutningsrennet i Bischofshofen i 1979, der han vart nummer ni. Same sesongen vann han eit internasjonalt hopprenn i Sapporo i Japan. Han la opp som aktiv skihoppar i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]