Tarantella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarantella napoletana (1870).
Pizzica, ein av tarantelladansane.
«Celebre tarantella» frå den komiske operaen Piedigrotta av Luigi Ricci..

Tarantella er ei gruppe italienske folkedansar som opphavleg blei utført av to kvinnelege dansarar, men også som pardans. Han blir akkompganert av tamburin og kastanjettar. Musikken har ein sterk innebygd rytme, med ein intensitet som kan samanliknast med den spanske dansen flamenco.

Dansen er tradisjonelt frå Napoli i Italia, men har truleg namnet frå Taranto. Italiensk folketru tilskriv den hektiske rytmen til at einkvan som var biten av edderkoppen Lycosa tarantula hadde sterk trong til slike rørsler, dels for å døyva smerte, dels for å få gifta ut av kroppen. Denne lidinga blir gjerne omtalt som tarantisme.

Det finst eit tital lokale variantar av dansen frå ulike distrikt.[1]

Dansen hadde popularitet som opera- og operetteinnslag kring 1900-talet. Fleire komponistar har skrive musikkstykke som anten har namn eller rytme som passar. Musikkforma blei nytta av Daniel-François-Esprit Auber i opera, av Carl Maria von Weber i sonaten, av Gioacchino Rossini i song og som pianostykke av fleire.

Henrik Ibsen gjorde dansen kjend i Noreg ved å la Nora Helmer frå Et Dukkehjem dansa han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «POISONOUS SPIDER BITES.». The Queenslander (Brisbane, Qld. : 1866 - 1939) (Brisbane, Qld.: National Library of Australia). 8. september 1923. s. 2. Henta 1. september 2013. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bergsøe, Vilhelm 1865: Iagtagelser om Den italienske Tarantell og Bidrag til Tarantismens Historie i Middelalderen og den nyere tid. Kjøbenhavn.
  • Chambers's Journal 1883: «Tarantismen» (s. 815-818). I: Skilling-Magazin No. 52 Lørdag den 29de December 1883. Kristiania.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tarantella