Tatihou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tatihou er ei øy i Normandie i Frankrike med eit areal på 0,29 km². Ho ligg like aust for halvøya Cotentin, nær Saint-Vaast-la-Hougue. Ho er ikkje folkesett, og talet på vitjande til øya er avgrensa til 500 kvar dag. Desse kan gå over til øya når det er fjøre sjø, men dei fleste kjem her likevel med båt.

I 1692 fann Slaget ved La Hougue mellom England og Frankrike stad nær øya. I 1756 var området rundt La Hougue overvaka av mange batteri og festningar, men mangel på vedlikehald førte til at desse raskt forfall. I 1720 vart Tatihou for å setje pestramma folk frå Marseille i karantene.

Tatihou har vore åstad for ein liten visefestival sidan 1995, Les Traversées Tatihou. Tidvatnet styrer kortid konsertane går slik at folk kan kome seg heim medan det er fjøre.

I 1990 vart det grunnlagd eit fuglereservat med eit areal på 0,3 km². Øya er stoppestad for mange trekkfuglar, mellom anna gråmåse, svartbak (havmåse), gulbeinmåse, gravand, ærfugl, brunnakke og silkehegre. Det ligg òg ein botanisk hage på øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]